Desember Update

December update:

Då datamaskina mi er på reperasjon(1) sit eg her heime (2) og prøver å skrive noko til bloggen min. For tida er det so mykje å tenkje på at hovudet mitt er heilt tomt! Den nye sida (3) som eg skulle lage, er utsett på ubestemt tid, grunna problemer (4).

(1) Problem fra starten av, Bluetooth modulen på nettverkskortet har aldri fungeret, har berre ikkje hatt tid til å sende maskina inn på rep.
(2) Japp, vi har endeleg fått internett heime. Ever!
(3) Avslutt.com / http://preview.avslutt.com / The end of the internet
(4) Då maskina mi er innsendt, må eg bruke ei anna maskin. Men d verste av alt er å programmere på ei anna maskin. Så derfor har eg heller ikkje programmert noko særleg i jula.


Og, du og du kor gøy det er å lure folk! Eksempel:
Eivihnd | USD 6.1175(-) sier:
d som e vanskeli e korleis du skal lande uten å bli drept
--sensurert-- sier:
skjønner..
--sensurert-- sier:
eg tenkte på det...kanskje eg skulle ta med fallskjerm..?..DET har eg lyst å prøve en gang!
Eivihnd | USD 6.1175(-) sier:
piiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiingle!!!!!!!!!!!!!
Eivihnd | USD 6.1175(-) sier:
hahhahah, fallskjem?????
Eivihnd | USD 6.1175(-) sier:
ej berre brukte en spesiell ninja metode ej lærte av en ninja master fra japan då ej va i nepal....
--sensurert-- sier:
haha...
Eivihnd | USD 6.1175(-) sier:
då kan du hoppe fra alle høgde du vil..
--sensurert-- sier:
har du vært i nepal?
--sensurert-- sier:
oja..
Eivihnd | USD 6.1175(-) sier:
va der i et år.
--sensurert-- sier:
du bare bruker beina..
--sensurert-- sier:
hæ? nå tuller du!
Eivihnd | USD 6.1175(-) sier:
tru ka du vil. d e nesten ingen som trur mej. minn mej på å vise dej passe mitt en gong.
--sensurert-- sier:
kortid var du der da?
--sensurert-- sier:
kem var du me der da?
Eivihnd | USD 6.1175(-) sier:
mamma og pappa va der nede et år. pappa dreiv nåke business greier, og vi va me. gjekk mesteparte av 10 .klassa der nede
Eivihnd | USD 6.1175(-) sier:
ka du fikk til jul då?
--sensurert-- sier:
åå..gøy da

(*) Respektive person som blei lurt skal ikkje trakasserast for dette. Alle klager vert henvende til meg.

Ny side under utvikling

Ny avslutt.com side er under utvikling. Førebels vert lanseringsdato sett til 1. januar 2007.

Den nye sida er hosta av ProISP, ikkje One.com, som nemd tidlegare. Den nye sida vil innehalde fleire funksjonar, som nyheter, blog, gjestebok, butikk* (!) og meir.
*Med førebehald om endringar

Den nye sida er no i versjon 0.1a, og kan sjåast på preview.avslutt.com. Eg tek gjerne imot ros/kritikk, og idear til funksjonar som kan brukast. desse gir du under "kommentarar".

Tanken er at eg etter kvart skal kunne tilby vener og kjente samme systemet. Derfor tek eg gjerne imot hjelp om du har kjennskap til XHTL/CSS eller PHP/MYSQL.

Tekniske problemer

Grunna tekniske problemer har oppdateringa av avslutt.com vært laber. Redaksjonen beklager dette og lover å komme sterkere tilbake etter at problemene er løst.

Avslutt.com avslutter nå sitt forhold til www.electropopmedia.com, og går inn i nytt kundeforhold med www.one.com.

Tankekrigen

I det siste har det rasa fleire krigar i hovudet mitt. Ein av dei er den store anlegg-krigen. Draumen er å kjøpe eit nytt anlegg, med Klipsch RF-35 frontar og ein Harman/Kardon AVR 235 forsterkar. Fornufta seier nei, lysta seier ja. Lommeboka seier begge deler. La oss fylgje lysta!

Apple vs. Microsoft

Er det noko eg likar å diskutere, så er det den evige krigen mellom Apple fan og Microsoft fan. Stadig kjem det fram alle mulige rare påstandar, som berre syner at det er snakk om eigne meiningar, og ikkje bekrefta fakta, som er grunnlaget for synet til dei stridande partane.

Når eg tråla nettet ang. striden om Itunes 7 har stole funksjonalitet frå MediaPlayer 11, las eg dette innlegget:

"Hvorfor skal folk alltid beskylde MS eller Apple for å kopiere hverandre? Det er ikke det det er snakk om. Hva forventer vi forbrukere? Og hva skal MS og Apple gjøre med foventningene våre? Hele poenget er jo at uansett plattform, så finnes de samme behovene. Ergo må det lages software og hardware som fungerer på noenlunde lik måte. Hvem som gjør det best er en bedre diskusjon enn hvem som gjør det først."

Og veit du kva? Eg er så einig!

Lettelse

Den største kjensla av lettelse er når ein må sinnsjukt på dass, spring til dassen og slår lens. Eller kva?

Over the skies

Fly har alltid fascinert meg. For 2 veker sidan var eg på one-day trip til Oslo. Flaug Boeing 737-400. Deilig å ta av. Sinnsjukt sug i magen . ( Og kjørte taxi med en hogala bongala india mann, som prøvde å stjele bankkortet mitt. Men det er ein annan historie):

I dag fikk eg teste Widerøe sitt Dash 8-100 fly, 39 seter, vingespenn på ca 25m og motorar på 2700hk. Og med so små fly kan du verkeleg kjenne kva turbulens er. Å ta av frå Hovden (HOV) flyplass er konge! Då er det snakk om sug i magen i fleire minutt. Vart nesten svimmel.

Men det er ein ting som irriterar meg. Og det er at det lenger tid frå Flesland til Kongshaug enn frå Hovden(Volda) til Bergen...

Haustferie

Tenk deg dette:
Du legg deg i ei god seng og brer dyna over deg, før du sovnar stille inn. Når du vaknar kan du gå til ein deilig frukost der du har alt du treng, og då er sjølvsagt kakao medreikna. Når frukosten er ferdig, er du heime!

Eg tok Hurtigruta, eg og Oddbjørn. Frå Bergen til Torvik. Vi gjekk om bord ca kl. 18.00, daffa rundt litt, men fann snart ut at vi var svoltne. Og folkens, Hurtigruta sel BigOne pizza! Heiv inn ein halv pizza, og gjekk til lugaren. Men det merkelegaste av alt var at eg la meg for å sove kl. 20.30.

Heime gjekk det meste i engelsk. Vi har ein utvekslingsstudent frå Amerika heime. Og ho er ikkje så interessert i å lære norsk.

Så vart eg sjølvsagt sjuk...

Gi, men aldri få?

Eg har i fleire år hjulpe andre folk med nær sagt alt som har med data å gjere. Reparere, feilsøke, assistere og veilede/konsulere. Hundevis av timar har gått vekk til dette. Hjelpe andre mennesker som ikkje klarer det sjølv. Og alle takkar sjølvsagt mykje.

Her om dagen opplevde eg noko eg ikkje trudde var mogeleg. Då eg hjalp ei jente med eit problem, Adware "viruset" Look2Me, som vart spreidd gjennom MSN, spurte ho om ho kunne gjere ein teneste i gjengjeld. Eg trudde nesten ikkje mine eigne øyre. Skulle faktisk nokon ikkje berre seie takk, men faktisk gjere ei teneste i tillegg dersom eg trengde det? Det kom så brått på at eg ikkje kunne komme på noko i farta eg trengde hjelp til.

Sidan den dagen har eg tenkt: Er eg for snill eller noko?
Men eg kan jo ikkje godt fakturere alle eg hjelper...

Men sjølvsagt tykkjer eg det er kjekt å hjelpe folk! Eg lærer jo av det eg òg. Og eg vil ikkje at folk ikkje skal spørre om hjelp etter at dei har lest dette. Spør i veg, det er eg som treng å lære meg å seie NEI.

Travle tider

Det gjekk som eg tenkte: Mi karriære som bloggar ville dabbe av. Så dette er eit desperat forsøk på å komme på fote igjen.
Siste veke har våre den hardaste veka til no i år. Med jobbing frå 10 på morgonen til 10 på kvelden, er mandagen, altså fridagen, eit kjærkoment fenomén. Kor fri eg er kan vel diskuterast.I dag skulle eg gjere alt det eg ikkje fekk tid til tidlegare i veka.

Stor gut
No har eg endeleg blitt stor gut. Eg var vakt. Skikkeleg vakt, ikkje berre sånn "pingle-låse-vakt" som eg var førre året. Og det kan jo være kjekt, å kjefte på elevar ol. Problemet er at eg er så vant med å være elev, at eg gløymer nokre av oppgåvene eg har som vakt. Eg hugsar aldri å skjekke om dei som har kjøkkenvakt stiller opp (NB! Kongshaug elevar som les dette: Ikkje tru dykk kan sleppe unda, eg skal skjerpe meg).

Deppe-dag
Dagen i dag byrja ikkje idyllisk. Eg vart vekkt halv åtte av ei gravemaskin som dura i veg. Dette førte til at eg halvsov fram til klokka var kvart på ti, då eg eigentleg skulle vakne. Men ikkje nok med det. Sjølvsagt var vekkarklokka feil, så når eg såg på armbandsuret mitt, var det berre eit minutt til klokka skulle ringe. Men då han ikkje ringde etter 2 min, vakna eg skikkeleg. Kriiiiiiiiiiseee!Vekkarklokka er 5 min for treig!
Så sette eg meg på datarommet for å programmere KongshaugFestivalen 2006 sida. Etter eit par timar og nesten ingen framgang, gav eg opp. Eg tålte rett og slett ikkje synet av ei datamaskin!
Etter dette har eg eigentleg berre deppa. Då ser eg berre ironisk på alt som skjer.

Og så har eg lært ein ting:
folk gidd ikkje lese lange bloggar, så då sluttar eg berre av nett no eg...

Back in Business

Kjære trufaste lesarar, avslutt.com er no tilbake frå sommarferie! Eg trudde lenge at besøkstala skulle gå drastisk ned, no då det ikkje skjedde so mykje her. Men etter ein kort skjekk på besøksstatestikken, såg eg at besøkstala i juli var dobla frå månaden før! Og det er jo ei positiv overrasking.

Livet sånn elles
No sit eg på datarommet. Og ikkje kven som heldst sitt datarom. Vi snakkar faktisk lærardatarom. Japp, tru det eller ei, eg skal vere miljøarbeidar på Kongshaug Musikkgymnas.

Det er ganske uvant å gå inn på lærarane sitt arbeidsrom, utan å måtte ha eit særskild ærend å utføre. Eg har avansert på nøkkelfronten óg, no er eg "den utrøyttelege vaktaren av 7000 nøkkelen".
Så for augneblinken smilar livet til meg, og eg smilar tilbake.

Allereie etter få dagar som tilsett på Kongshaug treng eg fleire fingrar for å telje kor monge dataoppdrag eg har gjennomført. Og det klagar eg ikkje på heller, det er jo kjekt arbeid.

For dei som er interessert i dataverdenen, kan eg nemne at eg har fått dilla på Betatesting, så for tida er eg registrert hjå Microsoft som testar av Windows Vista, Office 2007, Live Mail, Live Messenger (med Yahoo! videostøtte), Live Mail Desktop og Internet Explorer 7.
Alle må glede seg til Hotmail vert skifta ut med Live Mail. Ta kontakt for demonstrasjon.

Kjære lesarar av avslutt.com:
Er de interessert i e-post adresse med @avslutt.com?
- Ta kontakt ved å sende ein e-post til info@avslutt.com.
Samme prosedyre om de er interessert i eit subdomene. EKS: kvaduvil.avslutt.com

Takk for at nettopp DU besøker avslutt.com!

Link tutorial

Etter ein nermare studie av folk sine bloggar, har eg kome fra til at det er mange som ikkje veit korleis dei skal legge til sine eigne linkar. Og det er ikkje det enklaste i vera heller, for anten må ein vere over middels smart, eller så må ein kunne HTML. Når eg er begge deler (hehe), så tenkte eg at kanskje skulle eg lage ein tutorial som syner korleis ein fiksar linkane sine.

I denne tutorialen (norsk: time hos en tutor, kva enn i all verda det er for noko) skal eg forklare dei enkle html tagsa vi brukar når vi lagar linkane.
Beklager at det ikkje er så oversiktig, men det ser ikkje ut som om blogger likar avanserte brukarar, så eg fekk litt problem når eg skulle skrive denne posten. Det skal ikkje være mellomrom i < ul > < / ul >, < li > < / li > mm. Ta kontakt for spørsmål og hjelp.

Korleis legge til linkar

1. Gå inn på template

2. I tekstboksa, scroll ned til du finn dette:

< ul >
< li >< a href = "http://news.google.com ">Google News< / a >< / li >
< li >< a href = "http://help.blogger.com/bin/answer.py?answer=110">Edit-me< / a >< / li >
< li >< a href = "http://help.blogger.com/bin/answer.py?answer=110">Edit-me< / a >< / li >



La oss gå igjennom kvar enkelt tag:

2.1 < ul >
Denne taggen startar ei unordered list, ei liste som ikkje er sortert etter nummer ol. Ser vi litt lenger nede, finn vi ein til, berre litt forskjellig: < / ul >
Forskjellen her er at denne har ein slash, eller ein skråstrek. I html er det eit teikn på at no er denne taggen, eller i dette tilfellet denne lista, ferdig. Det er rett og slett ein avslutnings tag.

Alle linkane du vil ha skal være i mellom < ul > og < / ul >.

2.2 < li >
Kva er vel ei liste utan innhald? List item taggen, li, lagar ei linje (enkelt forklart), eller eit liste-element. Også denne har ein avslutningstag, < / li >.

Kvar einskild link skal være inni sin eigen "< li > Link < / li >" tag.

2.3 < a >
Dette er den viktegaste taggen. Det er den som i det heile gjer at det vert ein link. Og denne har fleire element:

< a href = " http:// galverden . blogspot . com " > Eivind Frøystad < /a>


2.3.1 href
Dette er det som definerer webadressa til den du skal linke til. Adressa skal alltid starte med http://. Adressa vert skriven mellom hermeteikna. Dette vert ikkje printa på skjermen og er derfor "usynleg" (på ein måte, ta kontakt om du er interessert i ein djupare forklaring.

2.3.2 < a href = " http:// galverden. blogspot .com " > Link < / a >
Det er det du skriv her (utheva) som vert vist til brukaren. Her skriv du kva du vil, men det bør stemme med adressa, ellers vert det nok mange irriterte brukarar på sida di.

Det vanlegaste er å skrive navnet på den du linkar til.

Kort forklart:
Først:
< ul >

gjenta for kvar link:
< li >< a href = "http:// link.example.com "> Det lesaren ser, feks Avslutt < / a >< / li >

til slutt:
< / ul >

For spørsmål, hjelp el andre ting: ta kontakt. Eg tykkjer det er kjekt å hjelpe.
Det enklaste er å kopiere standard linja der det er link til google news, endre på den og kopiere og redigere han så mange gongar du treng det.

World Wide Web

"Hva var vel livet uten deg?"

Kva gjere eg når eg sit på Kongshaug, aleine og forleten i gymbyggleiligheita? Dei første dagane såg eg berre på TV. Men det er jo keisamt i lengda, for det er skjeldan nye reklamer. Og dei gamle vert eg fort lei. Nei, eg seier: "No skulle eg hatt ein trådlaus router." Og går på datarommet og kjøper ein. Enkelt og greitt.

Så sit eg her då. Utan ein trå. I alle fall i datamaskina. Og surfar. Nettet er så stort, men likevel så lite. Eg er tom. Eg har ikkje nye sider å gå inn på. Har vore på alle sidene. Registrert meg her og der, du finn meg som eivihnd alle plassar det går an å registrere seg. I alle fall nesten.

Kven hadde trudd internett skulle kunne underhalde i så stor grad? I går surfa eg, forvilla meg inn på www.wgcshop.com, lempa i handlekorga det eg ville ha. 1606 dollar. Eller 10 000kr, 12500 med norsk moms. Magiske nummer. 12500. I alle fall frå i dag av. Ein Tanaka M700 sniper, eit M15A4 gevær, ein Walter P99 med lyddempar. SWAT vest. Bipod til M700. Og mykje meir. Har lyst, men kan ikkje endå.

Men det eg eigentleg skulle seie, var at no går eg offline i ukjent tid. Korleis skal det gå? Nei, eg er ikkje avhengig. Trur eg...

Norsk karakterar

No har eg endeleg fått det lenge etterlengta vitenemålet. Og det var ikkje fritt for overraskelsar. Særleg i norsk karaterane:
Standpunkt Eksamen Form
Norsk hovudmål, skriftleg (NN) | 4-FIRE | 2-TO | S
Norsk sidemål, skriftleg (BM) | 3-TRE | 3-TRE | S
Norsk munnleg | 4-FIRE | 6-SEKS | M

Så dersom karaterane skal syne mine kunnskapar i norskfaget, er eg litt usikker på kvar eg ligg...

Skal klage på NH skriftlig, 2 er jo ræva! Og i følge sensorveiledning 2006 (ikkje spør korleis eg fekk tak i den ;) så har eg truffe oppgåva ganske godt. Etter mine meiningar i alle fall. Jaja...

Visste du at...

... i 2. Kong. 4.19 står det: «Å, jeg har så vondt i hodet!»?
... ordet «Hysj» står i Bibelen? (Dom 3.19)
... Bibelen fortel om livsfarlege ville agurkar? (2. Kong. 4.39)
... det vart samla inn 34 mill kg. sølv til Salomo sitt tempel? (1. Krøn. 22.14)

"Blod fra en såret rose"

Historia om muntleg eksamen 2006

Mandag

kl. 09.05, klasserommet:

Klassa er samla, klare til å motta dommen. Melding om muntleg eksamen 2006. Det er blanda kjensler i rommet. Mange er spente, alle har eit håp, og alle er usikkre. Alle veit at dei kan komme opp i norsk. Eg er ganske roleg. Håpar på musikkformiding, høyrelære, religion eller direksjon.

Vi ventar. Tek opprop. Tore manglar. Vi startar utan han. Rektor byrje å lese opp: "Fylgjande elevar er trekte opp i norsk. Elin, Eivind..." Alt blir svart. Et par sekund av mitt liv er ikkje å finne igjen i min hukommelse. Av alle fag so måtte eg komme opp i norsk. Eg ler... Er det mulig, tenkjer eg. Så blir eg skuffa.

kl. 09.30, biblioteket

Vi møter på biblioteket. Går igjennom et eller anna ark. Så trekk vi oppgåvene. Eg er nest sist. Ser to lappar i konvolutten. Tek i den eine, ombestemmer meg, tar den andre. Les. Realismen. Ser på LK. Han fikk tema språkutvikling på 1900-talet. "Den skulle eg hatt," tenkjer eg, sjølv om det er berre språkutvikling på 1800-talet eg kan.Eg og Thea har fått same tema. Elin spør om det er noko vi lurer på, eg svarar ”alt.” Eg får ikkje svar. Kanskje ikkje så rart heller. Vi går kvar til vårt. Eg og Thea blir enige om å samarbeide litt. Vi treng berre litt tid til å dempe dei sterke anti-norsk kjenslene. Vi blir einige om å møte i posthyllegangen på hovudbygget, og går kvar til vårt. Thea sit på senga si i 40 min og er skuffa. Eg riggar meg til med datamaskin i peisstova, sterkt skuffa eg òg.

Kl. 10.15, peisstova

Thea kjem, vi byrjar på jobbe, stadig avbrutt av små irritasjonsutbrudd. Folk kjem og spør kva vi kom opp i. Vi prøver å halde fatninga og svarar så godt vi kan: Norsk! Å stakkar dykk, seier dei då, og spør om kva tema vi har. Men når vi svarar ”realismen,” seier alle at det er jo bra. Vi finn fort ut at det ikkje er fleire enn oss som ikkje likar naturalismen, og blir meir og meir provosert.

Vi byrjar på oppgåva. Les problemstillinga eit par gongar. Prøver å få tak i kva som eigentleg står der. Finn fram norskboka, les. Søkjer på nettet, finn mykje stoff, les noko av det. Blir lei. Går til lunsj. Matpakken har blitt litt hard. Sjokade, for så vidt ikkje så verst, i alle fall på ein mandag. Nugattien var ikkje å sjå. Den forsvann på laurdag.

Kl. 12.10, peisstova

Eg går tilbake til arbeidet. Er trøytt. Thea er ein annan plass. Eg finn ut at eg må lese i norskboka, og legg meg ned på ein sofa og byrjar å lese. Les. Det blir tyngre og tyngre. Er søvnig.

Kl. 15.30, peisstova

Vaknar brått. Høyrer at nokon kjem. Snur meg. Martin spør: ”Går det bra med deg, Eivind?” Eg stadfestar at alt er ok med meg og ser på klokka. ”Drit”, tenkjer eg. Men finn fort ut at eg trengte litt søvn. Kun ein halv time til middag. Eg droppar norsken og går ut og kastar frisbee med Hein. Prøver å koble av litt. Klarar det for så vidt, sjølv om vinden ikkje går min veg. Men eg treff ingen bilar i dag... Mosakka til middag. Æsj. Men litt nam med løk i. Seier takk for maten.

Kl. 16.20, peisstova

Set meg ned, tenkjer at no skal eg jobbe. Er litt optimistisk i dag. Dette skal gå, tenkjer eg. Håpar på ein trear eller noko slikt. Loggar på Live Messenger, finn fort ut at det er mykje kjekkare å snakke med 1.klassingar enn å gjere norsk. Klagar mi nød til alle saman. Alle seier det skal gå bra. Eg trur ikkje på dei.

Kl. 20.20, peisstova

Lenge sidan eg har gjort norsk, sit på nettet og surfar. Lastar ned eit program til PC-en. Finn eit anna program. Eit krypteringsprogram. Lastar det ned. Kva skal eg med det? Ingenting, eg har jo null burk for det, men installerar det likevel. Så stoppar heile maskina.
Ingen panikk. Dette er eg vant med. Dette skal eg fikse. Startar maskina på nytt. Den stoppar under bootinga av Windows. Eg prøver igjen. Same problem. Vil starte i sikkermodus. Det funkar jo alltid. Men nei, ikkje der heller. Blir nervøs. Prøvar med systemgjenoppretting, men det funkar ikkje. Hentar windows cden. Den lastar inn filene, og så stoppar heile driten igjen. No har eg eit verkeleg problem. Sjølv ikkje siste løysing fungerar. Reprasjon? Angrar på at eg installerte dette programmet. Tek ut batteriet og koplar ifrå straumen, håpar det er ein minnefeil. Sender ei bøn opp i skyene og et kvelds.

Kl. 21.03, peisstova

Kjem tilbake. Set i batteriet og straumen. Startar opp. Windows lastar filene. Eg trykkjer på reparer XP og ventar. Så kjem det opp noko eg aldri har sett før. Maskina seier at eg skal trykkje 1 for å reparere valt installasjon, eller trykke enter for å avbryte. Eg trykkje 1. Ingenting skjer. Berre dos ledetekst. Eg skriv nokon kommandoer, men snart skriv eg exit. Ikkje noko anna å gjere. Og startar maskina. Er spent. Til all forundring fugerte det. De høye makter har peilig på data også!
Eg blir så gla at eg kosar med maskina mi resten av kvelden. Surfar på nettet og snakkar på messenger. Legg norsken vekk. Når klokka nærmar seg 11 går eg låserunda. Mange opne vindauge. Tore gløymer igjen macen sin på datarommet. Eg må låse opp igjen. Går og legg meg. Søv. Godt. Heilt til neste morgon.


Tysdag

Kl. 07.50, rom nr. 214

Den velkjende lyden av ein Nokia 8310 som gjer sin plikt på morgonen. Og den kjære og velbrukte knappen slumre. Ikkje berre èin gong. Fleire gongar. Ingenting er meir deilig enn å trykke på slumreknappen. Eller, det vil seie, noko er jo deiligare, men det skal eg ikkje kome inn på no. Frukosten er frå kl. 8.00-8.30. Eg kjem kl. 8.32, og rekk det akkurat. 3 skiver. Syltetøy. Godt. Tek ei til. Og endå ei. Klar til å byrje på dagen sine plikter. Går inn i peisstova og loggar på messenger.

Denne dagen vert verre og verre. Eg er ikkje lenger optimistisk. No vert allt svartare og svartare. Eg ser ikkje enden lenger. Vert meir og meir nedfor.

Kl. 11.30, matsalen

Det er lunsj, et maten min. Sit med penge-Oddvar og Jorunn. Har jo stole lunsjplassen til lærarane, so endeleg skal dei bli kjede med oss. Kor monge av lærarane veit korleis og kva vi et trur du? Ikkje mange.
Elin kjem og set seg. Seier ingenting. Sit rett ovanfor meg. Thea set seg ved sida. Elin spør korleis det går. Vi seier ganske i kor: ”Dårlig.” Elin seier ingenting. Egentlig like greit.

Kl. 12.00, peisstova

Prøver å arbeide litt. Klarar det av og til. Finn ut at eg må lage ein disposisjon og lage foredraget ut i frå den. Forstår ikkje kva som er forskjell på indre og ytre røynd. Benedikte prøver å forklare meg kva det er. Er framleis ikkje sikker på kva det er. Det blir mørkare. Snakkar med folk på messenger. Kjekt. Tilbake til norsk. Kjedelig. Arbeider i små krampetrekk fram til middag. Designer disposisjonen. Blir glad i Office 2007, som eg for augneblunken testar.

Kl. 16.05, matsalen

Fisk til middag. Steikt fisk med råkost. Som om verden ikkje var mørk nok som han var. Hentar krydderet mitt og lessar på. Lurar på kvifor dei skal pine oss med denne maten rett før vi er ferdig. Blir fort ferdig.

Kl. 16.25, peisstova

Humøret går berre ned over og nedover. Treng trøst. Får litt oppmuntring over sms. Takk. Arbeider litt, les stoffet, skriv disposisjon.

Surfar på nettet. Finn ein deilig softgun eg har lyst på. Tanaka M700, en type 96 sniper. Finn ut at alt utstyret eg vil ha berre kostar 900 dollar. Som tilsvarer nesten 6000 kroner. Har problemer med å finne rette kikkertsikte.

Kl. 19.00, kjærleiksstien

Er eg så langt nede at eg låser maskina, reiser meg opp og går ut. Går ned til brygga. Går kjærleiksstien. Aleine. Savnar selskap. Drøymer. Tenkjer. Set meg ned. Ser på havet. Ser på bølgjene og vert fascienert av bølgjene frå ein båt. Prøver å samle tankane og bestemme meg for å gjennomføre oppgåva. Reiser meg opp, går sakte opp mot hovudbygget. På veg opp ser eg nokre vakre blomar. Plukkar nokre. Blå, vakre, uskyldige blomar. Dei har ikkje noko å bekymre seg over. Lenge sidan blomar har hatt ei så stor tyiing for meg. Tenkjer på jenta. Blomen. Rosa. Går inn, legg blomane oppå cd-spindelen. Der ligg dei. Blå og fine. Dei smilar til meg. Eg klarer ikkje smile tilbake. Dei visnar meir og meir. Slik som meg. Vi har noko felles, eg og blomane. Livsgnisten. Borte. Nesten.

Kl. 20.30, matsalen

Eg er gal i hovudet. LK merkar det. Eg kjem med mange dårlege vitsar. Nokre bra. Eller så dårleg at dei vert bra. Dei andre ler i alle fall. Fleire seier at eg har gjort for mykje norsk. Enig. Ser ironisk på det som skjer. På livet. På allt. På ingenting.

Kl. 21.10, peisstova

Tilbake til messenger. Snakkar med Ingvild. Snakkar om alt. Eg er så open eg aldri har vore før. Stolar på ho. Seier alt i mi nød. Og det er godt. Godt å få ut alt eg held inni meg. Det lysnar. Alt vert lettare. Byrjar å håpe på ein firar. Trur faktisk eg skal klare ein firar. Får ei morosam melding i gjesteboka på Blink. Svarar. Det er nesten som om nokon skrur på lyset. Eg skriv ut disposisjonen. Fleire eksemplar. Så finn eg ut at eg skal laga han som eit hefte. Og gjer det. Vert nøgd. Vurderar å lage i bakside, men gidd ikkje. Klokka er 10 min over 11. Penge-Oddvar låser. Eg går på rommet mitt.

Kl. 23.15, rom nr.214

Radioen står på. Klassiske musikkstykker frå NRK P2 syng i øyret mitt. Deilig. Men eg må skru av. Går på badet og pusser tennene. Lite tannkrem igjen i tuba. Planlegg ein tur til butikken. Legg meg i senga mi og startar stoppeklokka. Går igjennom foredraget. 16 min. Legg meg. Sovnar etter kvart.


Onsdag

Kl. 07.50, rom nr. 214

Samme prosedyre. Min kjære venn Nokia 8310 vekkjer meg. Vaknar av første pipet. Slumre. Andre gong dett han i golvet, slik han skjelv. Trur han er blitt gamal. Orkar ikkje å ta han opp. Let han ligge. Slumre. Står opp og dusjar. Kjem for seint til frukost. Får mat. Skive med sylte. Igjen. Og peanøttsmør. Ikkje like godt. Går inn i peisstova og fyrer opp maskina. Skjekkar mail. Ikkje noko interessant. Er roleg. Går inn til penge-Oddvar, som stiftar heftet mitt. Et smash og stratos, som eg kjøpe i den mobile kiosken kvelden før. Fekk 3 kroner avslag. Smash, peanøtter og stratos. Godt. Går igjennom foredraget. 16 min. 5 min igjen til eksamen. Går bort. Set meg på ein stol utanfor og ventar...

Kl. 09.30, klasserom 2

Kjem inn, og til stor lettelse sit der ein mann som verkar til å være av den greie typen. Får ikkje bruke Power-Point. Var forberedt på det. Klarer meg utan. Helser på sensor. Gløymer namnet med ein gong. Han spør kva instrument eg spelar. Eg svarar trommer. Han seier at han har ei datter som òg har trommer, og som fekk 6 på eksamen. Så spør han om eg kjem frå nordfjord. Eg svarar at eg kjem frå sunnmøre, men det var ikkje så gale tippa. Han seier at eg kan byrje. Eg leverer disposisjonsheftet til dei. Legg mine ark utover katetert. Byrjar.

Er roleg. Går igjennom stoffet mitt. Finn fort ut at det ikkje er noko meining i å sjå på sensor. Han er litt rar. Ser heller på Elin. Passar på at når sensor ser ned i papira, gjer eg òg det. Når Elin nikkar, utdjupar eg endå meir. Foredraget varer i 16 min, som eg sa før eg byrja.

Så er det samtale. Elin seier at eg har sagt alt som er å seie om realismen. Er vert overraska. Ho har berre eit spørsmål, og eg svarar så godt eg kan. Sensoren har òg nokre spørsmål. Eg svarar på nokre av dei. Latar som eg ikkje har høyrt om dei andre som han spør om. Så er eg ferdig. Elin seier at eg skal gå ut. Og det gjer eg. Dei ser på meg heilt til eg er ute og døra er lukka. Stille.

Så går eg inn. Set meg ned. Sensor seier at sosialrealismen var eg ganske blank på. Eg er einig. Så seier han noko rart. Noko med karateren 6. Eg ventar. Det tek litt tid før eg skjønar at han meinte at eg fekk karateren 6! Eg trur ikkje mine eigne øyre. Eg takkar og går.

Eg skjønar det frameis ikkje. Eg, den som ikkje kan noko om dette,eg som hatar norskfaget, skal få den beste karakteren av alle som kom opp i norsk. Eg er ikkje djupare enn eit grytelokk. Eg feirar det med eit iskaldt bad i sjøen...

Eg er ferdig med Kongshaug og norsk! For alltid. Takk og lov

Definisjon på gode venner

Mennesker som ikkje ler av ALLE vitsane dine...

Kamerakos









Tillit

Eit par tankar om tillit:

Ein må bli synt tillit for at ein skal kunne syne seg verdig til å få han...

Det tek lang tid å opparbeide tillit, og et augneblunk å miste han...

Kaktus?

Eg trur eg likar kaktus...?

I once was blind, but now I see...

Det poetiske hjørnet

Ein dag eg såg igjennom alle meldingane på mobilen min kom eg over ei mappe som heitte Poem.
Her er eit lite utval av kulturskattane som dukka opp, skrive av meg sjølv, i tider fyllt med motstand og alt det der...

DEN ENE (2005)

Jeg fryser, men ingen brer teppet over meg.
Jeg er syk, men ingen tar seg av meg.
Jeg er alene, men ingen besøker meg.
Jeg venter på den ene...


REDD (2006)

Er redd
for at solen forsvinner
før den står opp...


MIN LILLE DUE (2004)

Min lille due,
hver gang jeg tenker på deg
er det som om en sol skinner i hjertet mitt,
en varme som smelter selv den kaldeste tanke.
Et lys som lyser opp min hverdag.

Dine øyne er som rubiner,
runde som opaler,
skarpe som diamanter

og de skinner som gull.

Din vakre og myke stemme
er som fuglenes sang en tidlig vårmorgen.
Den stilner hver onde tanke og
stilner hatets strider.

Når eg hører din stemme og ser dine øyne
er det som om et slør blir fjernet fra mitt sinn,
og jeg ser hvor vakker verden er!

Dommen er fellt

Jenter er finast i svart!

Høvding med kløvet tunge

Det skjedde igjen. Til tross for kva som var sagt før. Etter at eg har solgt 4 bøker, som for så vidt er ganske lite i forhold til 1. klasse, då eg solgte 7 bøker, får eg no høyre at mobilen skal trekkjast mellom alle som sel 1 eller fleire bøker! Kvar er det blitt av konkurransen?

Det er ei lett sak å selje 1 bok! Etter mi meining burde en premie trekkjast ut mellom dei som sel minst 2 bøker. Då ville det i det minste bli litt interessant å selje fleire bøker, og Kongshaug kunne få inn meir pengar.

I første klasse sa høvdingen at den som solgte flest bøker, skulle bli premiert. Men når alt kom til alt var det ikkje lenger snakk om å selge flest, men 2 bøker...

Pr. 30.03.06 har han gjort det godt igjen ved å skjenke meg en ny mobil!

Livet i grava

Ein skulle tru det var greit å ligge i grava, men faktum er at det er ei sann pine. For eg får ikkje ligge, eg må sitje for å ikkje sovne inn.

No er eg temmeleg lei alt som heiter Brand. Sjølv om eg har fått taket på triangelspelinga i lukket...

Silent killer CTFK

Lørdag 18. mars vart det arrangert Capture the flag Kongshaug, CTFK. Det vart ein braksuksess, 95% av deltakarane syntest det var konge gøy!

Etter at eg hadde masa på "Miljø"-teamet på Kongshaug i fleire månader om å arrangere CTFK, og ingenting var gjort, tok eg initiativ (var det rett skrive?) sjølv og saman med LK arrangerte vi årets "laurdags-happening".

Med ninja drakt var det små problem å snike seg inn på fienden sitt område, stele flagget og oppleve det sinnsjuke kikket det er å lede laget til seier!
...måtte berre bekrefte regelen om at kvar gong eg er med, tek eg flagget.
I'm a silent stealth killer...


Vi har ikkje høyrt det siste frå CTFK!

www.avslutt.com

New!
Når alle dagen sine gjeremål på nettet er ferdig, gå inn på www.avslutt.com...

Ski(t)tur?

Årets første og siste skitur. Mitt kall her på jorda er å gå på fjellet, utan snø vel å merke! Det var et sabla slit både fysisk og mentalt å komme seg opp. Alt som stod i hovudet mitt var "kl 4 kl 4 kl4..."

Etter en heftig nedtur (fra fjellet), med x antal fall, vart eg einig med meg sjølv at det var litt kjekt, men aldri meir...

I år i alle fall...

Filmar av aktivitetar på toppen is coming soon...

Ferie eller bare fri?

Hva er egentlig definisjonen på ferie? Og hvordan i alle verden kan vi vite at det i det hele tatt er ferie?

I "vinterferien" har jeg hatt nok av tid til å tenke over alt mellom himmel og jord. Da dukket det opp en tanke i det ellers så overbelastede hodet mitt: Har jeg egentlig ferie? Det tok ikke lang tid før jeg konkluderte med at jeg hadde bare fri, ikke ferie...

Hva er forskjellen på ferie og fri da? Vel, det må vere frihetsfølesen. Vissheten om at om noen få dager er det tilbake til den mørke og travle hverdagen på Kongshaug...

Virkelig frihet er å være på Kongshaug med vissheten om at du ikke trenger å gå på skolen!

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com