Skal eg linke til din blogg?

Hei.

Tenkte at eg skulle legge til nokre linkar på denne bloggen, men eg veit ikkje kven som er aktive.
Dersom du har ein link til ein blogg, legg gjerne igjen navn og nettadresse i kommentarfeltet, så skal eg få laga ei liste.

Takker

Oslo Bysykkel - morosam historie

Ei lita historie om Oslo Bysykkel

Eg var akkurat ferdig på jobb, og tenkte at eg skulle til ei forandring gå heim, ikkje ta trikken. Klokka hadde akkurat passert 9 på kvelden, og sola hadde framleis ikkje gått ned bak høgbygga i hovudstaden.
Etter at eg hadde gått to hundre meter, kom eg til eit sykkelstativ. "Ja, kvifor ikkje?", tenkte eg og lånte ein sykkel. Så var det berre å sykle heim att, parkere sykkelen på nærmaste sykkelstativ og la det stå til.
Det tok ca 4 minutter før eg var framme ved stativet eg skulle setje frå meg sykkelen på. Men der var det jaggu meg fullt. Ikkje ein einaste ledig plass til å parkere sykkelen. "Ikkje noko problem," tenkte eg, "Eg får vel berre sykle ned på neste stativ, det er jo ikkje så langt å gå."
Men har du sett, der var det også fullt. Det var ikkje bra. Eg sveipte kortet mitt framfor sykkelstativet og fekk opp ei oversikt over kvar det var ledige plassar. Til min store skrekk var det langt til neste ledige stativ, men kva kan ein gjere? Eg sette meg på sykkelen igjen og sykla mot Grønland. Men på Grønland fann eg ingenting, så eg endte opp med å sykle opp til Grünerløkka igjen, så ned til Hausmannsgate, og så ned til sentrum.

Så det heile ente opp med at eg hadde sykla rundt i byen i over ein time, og når eg endeleg fann ein ledig plass, hadde eg kome tilbake til utgangspunktet i sentrum! Så den som tok trikken heim igjen var nok meg...

Del 2: Guten og framtida

I dag er eg ikkje i skrivehumør, så eg gjer ei lang historie kort:

Men etter eit par dagar mottok guten eit brev i posten. Han hadde fått plass. Plass på bibelskulen! Guten tok imot plassen, og har han ikkje sagt den frå seg, så har han nok tenkt å gå på skulen den dag i dag!

Dvs, folkens, for dykk som har venta på svaret, her er det:

Eg skal til Bergen, eg skal gå på Bildøy, på Film og TV linja. Tur til Israel, tur til Sør-Amerika, bibelstudie, film studie (blir interessant å sjå kva ein kan lære derifrå).

So då, kjære du som bor i Bergen, skal vi henge litt neste år?

(med førehald om endringar)

Del 1: Guten og framtida

Tenkte eg skulle skrive kva eg hadde tenkt å gjere til hausten. Mange trur nok at eg har sett meg fast i Oslo, men den gang ei. Neida, eg har heilt andre planar.

Det var ein gong for lenge, lenge sidan. Det var jul, og dei kalde vindane rasa mellom husa, som dei hadde til vane på den tida av året. Ingen mann torde seg ut, for vindane kjende ingen nåde. Men vindane til trass, i ei lita stove sat der ein gut og tenkte. Varmepumpa var starta, og varme vindar leika kring føtene hans. Men sjølv om varmen var god, var tankane kalde av usikkerheit. Kva skulle framtida bringje?

Han funderte lenge og vel, og snart kom han fram til at han ikkje kunne komme fram til noko. Det var då han fekk den gode idéen: Han skulle spørje den einaste som visste kva han skulle gjere. Han bestemte seg for å spørje den Kloke. Dei sa om han: Hans dårskap er visare enn menneske, og hans veikskap er sterkare enn menneske.

Guten gjekk til den Kloke og sa: Syn meg vegen å gå. Eg vil gå den vegen du syner meg. Han venta. Venta på svar. Tid gjekk, men guten ga ikkje opp. Kvar dag spurde han den Kloke om vegen å gå.

Ein tanke hadde dukka opp: Kanskje skulle han bruke året på å gå bibelskule? Det kunne jo være ein god ide, tenkte guten. Han fortsette å spørre den Kloke om råd, men svaret let vente på seg.

Det var ein tilsynelatande vanleg januardag, det var kalt og ugjestmildt ute, og guten sat igjen framom varmepunpa. Det var då ein rar tanke slo han. Han berre måtte skjekke nettsida åt bibelskulen han hadde tenkt på. Det var ein filleting han skulle skjekke, men han måtte gjere det likevel. Det var då han såg det.

Dei hadde akkurat starta å ta imot søknadar. "Oi", tenkte han, "her gjeld det å være rask, så kan eg jo sjå korleis det går". Han sende inn søknaden og venta. Guten tenkte at dersom dette var meininga hadde nok den Kloke ordna det. Ein dag gjekk, og ingen svar hadde kome. "Eg for smørja meg med tolmod", tenkte guten. To dagar gjekk likeeins. Den tredje dagen gjekk guten inn på nettsida igjen. Då kunne han lese at det var så mange søkjarar at det mest sannsynleg var fullt på mange av linjene. Korleis skal dette ende, lurde han på.

Meir i del 2 som kjem snart.

Avslutt.com TV







Kreativ flysikkerhetsinfo

Revelations

Ei oppdatering frå livet mitt:

  • Ferdig i Kristiansand, har flytta til Oslo
  • Søkjer jobb
  • Har begynt å tenke på helikopterpilotyrket igjen
  • Lever ikkje i nuet
  • Har oppdaga kor glad eg er i venane mine
For eit år sidan skreiv eg eit innlegg eg aldri publiserte. Her er eit lite utrag frå innlegget:

"There is no revenge so complete as forgiveness."

"To love is to receive a glimpse of heaven."

Emballasjeplast

Ein hyllest til emballasjeplast.
Av Eivind Frøystad

Emballasjeplast, ikkje berre plast, men også emballasje.
Emballasje som emballerar emballerte produkt.
Emballering, ein tryggleik for ting og tang. Tang og tare.

Eg har verkeleg ikkje noko å skrive om akkurat no... Sorry

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com