Viva la Revolución

Dei seier det, at dess meir avansert eit system er, dess lengre tid tek det å restarte det. Derfor har det ikkje kome noko oppdatering her på lenge. For det kan i alle fall ikkje ha noko med at eg er på Fjesbok å gjere...

Det skal ikkje være enkelt. Å flytte skal heller ikkje være enkelt. Men pytt, pytt, la oss gjere det uansett.

Startar flyttesekvens ................. done
Seier opp jobben ........................ done
Pakkar flyttelass ........ 67% complete

Tenk, eg skal til det lovande land. Landet med effektiv kollektivtrafikk, landet med ninjutsutrening. Landet som er eit av dei dyraste i verden. Altså Oslo. Kor lenge trur du eg blir der?

Forresten, har du emballasjeplast? Eg treng eit par titalls meter. Gjerne innan fredag. Ikkje? Ah, dritt, då må eg skaffe det sjølv. Jaja, sånn kan det gå.

Ingenting er som å skrive brukarmanual for videoassist medan ein høyrer på Harry Potter musikk. Det vert liksom noko magisk over heile manualen. Spesielt i feilsøkingsdelen, der løysninga alltid vert å svinge tryllestaven for å fikse alle problemer. Det er akkurat det eg har gjort no. Nei, eg meinte ikkje  å svinge tryllestaven altså, eg meinte å skrive brukarmanual. Og veit du kva? Det er veldig kjedelig, eller keisamt, som det heiter på godt nynorsk. Det er vel på tide å skaffe ein morosam jobb... Har du ein på lur? Kanskje eg skal ta over for professor Humlesnurr når han pensjonerar seg?

"Kom til Oslo,
der e d so flott,
de har masse smågodt,
og nykokt kaffe har d også der (2x)
Kom til Oslo"
Melodi: "Kom til Hydro", av Onkel Afro (trur eg)

Ikkje det at eg drikk kaffe, men det passar med beaten. Men men, du, veit du kva?

Vi sjåast i mitt nye liv (smilefjes)!

Information overload

Mitt problem for tida:
- Hovudet mitt er for fullt!

Det går ikkje ein dag utan at eg kjenner at hovudet mitt er i ferd med å sprekkje. Det er så mange tankar som svirrar rundt oppi der, at når eg prøver å lære meg noko nytt, kjenner eg min eigen puls i hovudet dundre på, akkurat som om den vil ut.
Analyse av situasjonar og folk, planlegging, konsekvens av avvik frå planlegging, alternativ, risikoanalyse, ordlegging, bearbeidelse av inntrykk, memorisering av ruter, mm. fyk fort gjennom hovudet mitt i dei fleste situasjonar. Faktisk så seier det stopp no, so eg kan ikkje skrive meir.

Information overload. System shutdown... I wish...

Sal 139, 23-24


Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjerte,
prøv meg og kjenn mine tanker.

Se om jeg er på den onde vei,
og led meg på evighetens vei.

Vært på IMDB.com i det siste?

Vel, går eg mot mine 15 minuttar med berømming? Det har seg slik at eg, som mange andre (?), likar å søkje etter navnet mitt på Google, og sjå kva slags resultat som kjem opp. Ved å setje hermeteikn på byrjinga og slutten av søkjestrengen, vil du berre få opp relevante resultat. Ut i frå dette kan du finne din eigen "kjendisfaktor" (ant. treff, kva slags nettsider mm.)

I den sammenhengen fann eg ut at eg var lagt ut på IMDB.com, ei samlingsside for filminformasjon. Genial om du lurar på om ein film er bra eller dårleg. Klikk på lenkja for å sjå Eivind Frøystad på IMDB.com!

Morsomt.

PS! Eg har ikkje planar om å utvide lista med fleire filmar. Grunnen vil eg komme tilbake til i eit seinare innlegg.

Kjøkkenulykke

Sterkt inspirert av Tora's matlagingshistorier tenkte eg at eg skulle skrive om ei oppleving eg hadde i sommar.

Det var ein tilsynelatande heilt vanleg somardag på Sunnmøre. Sola stod høgt på himmelen, og det var ikkje ei sky å sjå. Så varmt var det, at lufta over vegen var uklår, lett tilsløra av dampen som steig opp frå asvalten. Ja, det var faktisk så varmt at eg måtte halde meg innandørs. Og det gjorde eg.

Det lei på ei tid, og etter kvart kjende eg at det byrja å bli tid for mat. Mat til meg og mine to eldre brødre, som hadde strevd og slitt heile dagen for å tjene til livet sitt opphald. Etter ein rask kikk i kjellaren, konkluderte eg med at eg skulle lage Bali kyllinggryte. Ein god og enkel rett. Eg kokte opp risen, tilsette litt salt og olje, og kutta opp ein kyllingfilét i terningar. Denne skulle eg steike i olje før eg tømde han i Bali-sausen.

Det var då det skjedde. Det har seg slik at mamma, som meg, har sans for design-redskap. Eva Solo er ein forholdsvis ganske kul serie, og dei har også ein manuell "sprayboks", som kan fyllast med væske, fortrinnsvis steikeolje. Den må pumpast manuelt for at det skal være mogeleg å spraye ut innhaldet. Veldig kult og nytteg. Men likevel, det var denne sprayboksa som skulle endre livet mitt for alltid.

Eg tømde kyllingen i panna, og tilsetje litt olje. Etter eit minutt såg eg at eg hadde for lite olje, og ville tilsetje meir. Så eg pumpa. Og pumpa. "BANG!" Kva skjedde? Av refleks "blokkerte" eg det eg trudde var glasbitar med ein karateblokk. Og der stod eg, full av olje. Eg hadde fått olje i augo, so eg kunne ikkje sjå omfanget av det som skjedde. Men eg kjende det. Mmmmmmm, så godt, der stod eg, fullt innsmurd i olje...

Vel, det positive med denne historia er at ein del av kjøkkenet har aldri fått si slik reingjering som den fekk den dagen. Og eg? Eg gjekk rett ut på asvalten, tok hageslangen og spylte meg sjølv. Frå den dagen av har eg alltid vært forsiktig når det kjem til pumping av sprayflasker på kjøkkenet.

Back in business... again

Mennesker er verdsmeistrar i å unnskylde seg. Vi har ei unnskyldning for alt. Vi vil alltid skylde på noko anna enn oss sjølve. Vi er redde for å audmjuke oss sjølve. Vi er feige!

So difor skal eg ikkje kome med mange unnskyldingar om kvifor eg ikkje har oppdatert bloggen min dei siste 2 månadane. Eg skal berre forklare korleis livet mitt har våre desse 2 månadane eg har våre fråværande på verdsveven:

So de veit, har eg jobba med filmen Yohan, produsert av Penelopefilm AS, skaparane bak Kamilla og tyven. Les meir om familiefilmen Yohan her. Arbeidsdagane har starta kl. 08.00 på morgonen, og i 9 til 13 timar har eg slitt for livets opphald, 5-6 dagar i veka. Eg har våre heilt daud når eg har kome heim, og ikkje orka å skrive noko på nett eller nokon annan plass.

Planen er no å prøve å ta opp att skrivinga. Men i kor stor grad veit eg ikkje. Det kjem heilt an på kva som er interessant for folk å lese. Eg set pris på tilbakemelding!

Snakkes

B'klager lite oppdatering

Nei, bloggen skal ikkje dø.

Han kjem att i ny drakt. Om ikkje lenge.

Eg lovar...

Historien om Kua

Kua er et husdyr... Men den kommer også utenfor huset. Og den lever
ofte på landet, men den kommer også inn til byen, men bare når den
skal dø. Men det bestemmer den ikke selv.

Kua har syv sider... Den øverste siden - Den nederste siden - Den
forreste siden - Den bakerste siden - Den ene siden - Den andre siden
- Og den innvendige siden.

På den fremste siden sitter hodet... Og det er fordi hornene skal
ha noe å sitte fast på. Hornene er av horn og de er bare til pynt. De
kan ikke bevege seg, men det kan ørene. De sitter ved siden av
hornene.Kua har to hull foran i hodet. De kalles ku-øyer. Kuas munn
kalles mule. Det er nok fordi den sier muuhh.

På den bakerste siden sitter halen... Den bruker den til å jage
vekk fluer med, så de ikke faller ned i melka og drukner.

På den øverste siden - Og den ene siden - Og den andre siden, er
det kun hår... Det heter ku-hår og har alltid samme farge som kua.
Fargen til kua heter kulør.

Den nederste siden er den viktigste for der henger melka. Og når
budeia åpner kranene så renner melka ut. Når det tordner så blir melka sur...
men hvordan den blir det har jeg ikke lært meg ennå. Kua har fire ben...
De heter ku-ben. De kan også brukes til å trekke ut spiker med.

Kua spiser ikke så mye, men når den gjør det spiser den alltid to
ganger. De fete kuene lager helmelk. Når kua har dårlig mage lager den ost.
I osten er det hull. Men hvordan den lager hullene har jeg heller ikke lært ennå.

Kua har god luktesans... Vi kan lukte den på lang avstand. Kuas
valper heter kalver. Kalvens far heter okse, og det gjør kuas mann
også. Oksen lager ikke melk og er derfor ikke et pattedyr.

Den som kommer og henter kua når den blir gammel heter ku-fanger.
Den sitter ofte foran på biler. Så blir kua slaktet, man heller melka
på pappkartonger som vi kan kjøpe på butikken. Kuas fire ben blir
sendt til snekkeren. Det kalles gjenbruk.

Som man kan se er kua et nyttig dyr. Og derfor liker jeg kua veldig godt.


Det høyrer til historia at det var ein barneskuleelev som har skrive dette. Om det stemmer tvilar eg på, men det er morosam lesning uansett.

Post Påskermistisk munnskyll

Grunna eit munnsår på størrelse med ein middels stor lastebil, plassert midt på tunga (ikkje lastebilen altså), har mi taleevne dei siste dagane våre kraftig nedsett i funksjonalitet, og kan samanliknast med ein person som har vært hjå (flotte nynorske ord) tannlegen. Noko som betyr at eg, reint teknisk sett, mistar taleevna heilt når eg då faktisk har time hjå (igjen, flotte nynorske ord får ein inkje nok av. Heretter markert med utropsteikn) tannlegen i morgon. Derfor nyttar eg då høvet (!) til å eksponere nokre ord for den elles so kresne og krevjande lesarskare.

Rubik's cube
Påska i år vart redda då min eminente Rubik's cube kom i posten. Direkte i fra Rubiks Studio, starta og dreve av Erno Rubik, kom viduderet, med den originale 1980 logoen innprenta på den kvite sida av kuba (for å unngå forvirring her, må eg berre nevne at Cuba består av 37% kvite, 51% mulatto, 11% svarte og 1% kinesarar). So skal han berre kjøyrast inn, før han får ein omgang med vaselin. Då går vi mot nye rekordar.



Vérforskjellar
På ei av mine løft over skyene, nærmare bestemt den siste (i skrivande stund), fekk eg oppleve mykje flott norsk natur. No skal eg ikkje late som om dette er "Noreg rundt" eller noko av sorten. Men ein ting er sikkert. Noreg er B-e-a-u-tiful.
På turen heim frå Kristiansand tok vi ein svipptur over byen før vi retta nasa (igjen, ikkje National Aeronautics and Space Administration, altså det amerikanske romfartsorganet) mot nord. Der låg han og bada seg i ettermiddassola som akkurat hadde byrja å raudne. For et syn! Kva som møtte meg i Bergen veit eg ikkje om eg treng å seie. Det var vanleg Hordalands vér.

Tilbakeblikk
Det er no over 2 år sidan eg starta denne bloggen, og byrjar å grave litt i arkivet. I dag (for 2 år sidan) var det O store Brand. Litt av eit prosjekt. "Det ingen skulle tru, at nokon skulle sku"-e (skue, altså "sjå/se/bevitne"). Men lærarane prisa det høgt i sky, og ville setje det opp på ny, men elevane sa: Fy fy. Og godt var det. For allting var lukket. I alle fall for min del. Og det skal det fortsette å være.







Avslutt.com for 2 år sidan:

Eg èr, altså tenkte nokon

Det er ikkje kvar dag det er den 29. feburar. Og faktisk er det ikkje kvart år heller, når eg tenkjer meg om.

Jepp, eg tenkjer, altså èr eg. Og èr eg, så må eg altså tenkje. Og i og med at eg tenkjer, så burde eg tenkje på noko fornufteg. Dermed byrja eg i dag å tenkje på ting eg angrar på her i livet. Og sida det ikkje er 29. februar kvart 4. år, tenkte eg at eg skal openberre for deg akkurat kva eg tenkte på:



  • Ein gong, på Kongshaug, når eg fikk hjelp til å digitalisere biblioteket av tyskelevane til Eirik, fekk eg eit lite utbrudd pga visse folk som var litt over kanten frekke. Eg skal ikkje skrive kva eg sa, men det har fulgt meg sidan, og lært meg kva slags leiar eg ikkje skal bli!


  • Og mest av alt: Svaret eg alltid har angra på, då eg gav ei rose til ei jente og ho spurde "Kvifor?". Av alle ting svarte eg: "Fordi du er den du er."


Det høyrest sikkert teit ut, men eg har bestemt meg for at 29. februar skal være dagen då eg er 100% ærlig. Det er så lite ærligheit i verda, så ein dag kvart 4. år skal eg nok klare.

Mitt liv

Mitt liv er for tida ikkje noko å skryte av. Det er jobb, jobb, jobb. Sjefar som seier: LEVER! LEVER! Og eg står på, og er tilgjengeleg heile dagen. Problemet er berre det at eg gjer arbeidet som vanligvis krev 3-4 personar i arbeid ein heil månad. No har eg brukt snart 5 veker, og eg byrjar å sjå lyset i enden av tunnellen.

I dag sovna eg ved middagsbordet, etter et par pannekaker med bacon.
Eg er aleine i leiligheta. LK er på hyttetur med fammen, og Tore er i USA. Kjekt. Så her sit eg.

Er du i Kristiansand, så stikk innom. Så kan eg ta meg fri frå jobben ei lita stund :)

Blogg for alle

Eg kom nettopp over bloggen til Mahmoud Ahmadinejad, den iranske presidenten for dei som er lite opplyste. Og so tenkte eg at eg skulle leggje igjen ein beskjed, men ombestemte meg når eg las at eg måtte fylle inn navn, etternavn, e-mail og contact info!

Men dersom du er interessert i å bli besøkt av iran sitt sikkerheitspoliti i morgon, so kan du leggje igjen ein kommentar på http://www.ahmadinejad.ir/

Skal tru om han er på Facebook?

Du kjenner alle!

Visste du at du skal angeveleg "kjenner" alle i verda gjennom 5 ledd? Dvs at du kjenner ein som kjenner ein annan som kjenner ein tredje osv. Akkurat det fann eg å være veldig interessant, og prøvde denne påstanden. Så her fylgjer ei liste med folk eg "kjenner" (def. "kjenner": Har helst på, og snakka med, meir enn : "Hi. Nice to meet you!").

Kort forklaring:

  1. [ Namn ] ([ant. ledd], 0 = direkte, 1 = GJENNOM 1 person)


Her kjem delar av lista:

  1. Morten Harket (1)
  2. Morten Abel (0)
  3. Antonio Banderas (1)
  4. George Bush (2)
  5. Osama bin Laden (5) (*)
  6. Saddam Hussein (4) (*)
  7. Bill Clinton (3)
  8. Tony Blair (3)
  9. Michael Bublé (2)
  10. Steven Spielberg (1)

(* Dersom Yassir Arafat endå levde)

Og det betyr, kjære lesar, at du kan skrive deg på lista på dei fleste av dei. Legg gjerne igjen ein beskjed i kommentarfeltet, så vi kan utvide lista saman.

Mann (20) prøver nye ting

"Oppdater, oppdater!" ropar dei. Eg klarer ikkje stå i mot. Eg vil ikkje stå imot. Eg vil oppdatera. Eg vil!
Eg har lenge halde meg vekke frå vintersport, hovudskeleg fordi ski er så keisamt, men no har eg starta eit nytt og betre liv. Ski er endå keisamt, men i går, ladies and gentlemen, sto eg for første gang på snøbrett! Det var mildt sagt konge!

Vi sat på ein restaurant (etter at eg og Leif hadde ete pizza på peppes, sjølvsakt på sonans si rekning), der vi "feira" at ein medarbeidar frå Italia skulle reise heim att. Lett snakk om snowboarding førte til ei tidleg oppståde nesten morgon, der eg, Tore, Leif, Megan, Kari, Bård og Geir pressa oss inn i Hynnekleiv-transport sin bil, og kjørte i halvsøvne dei to timane det tok å komme til Bortelid.

Etter ein kjempedag, der trekket stengte altfor tidleg, reiste vi heim, laga super sunn mat, steikte poteter og pølse, og chilla resten av dagen.

I det siste har det meste på jobb gått på engelsk, i og med at vi har medarbeidarar frå både Italia, USA, Brasil, Russland mm. Eg har blitt så språkforvirra at det høyrtest ut som om alle på Bortelid snakka engelsk.

Eg har funne ut at eg vil reise til USA. Bu der eit år eller noko slikt ein gong. Det verkar interessant. Besøke folk eg har blitt kjent med kanskje. Gjere noko gøy med livet mitt. Ikkje berre sitje her og fokusere hundre prosent på å bli størst her i verden. Ikkje at det er det eg gjer heller. Kva hjelp det om du har blitt konsernsjef for Statoil Hydro og du ikkje har gjort noko anna enn å jobbe heile livet? Kva har du då å sjå tilbake på? "Samle deg ikkje skattar på jorda", står det i Biblen. Opplev ting! Kom deg ut! (Og berre for å hindre klagar frå sinte mødre: gjer leksene dine)

På tirsdag skjedde det noko "rart". Vanlegvis når eg er på møter og liknande (i kristen samaheng), vert eg trøytt og lei etter ca 1 time og 8 minuttar. Tirsdag hadde vi bønnesamling hjå Hynnekleivs, og det varte jo pina det meg i 5 timar. Det som var litt spesiellt var at eg ikkje var lei ein einaste gong. Eg såg riktig nok på klokka når den hadde blitt 11, men det var så godt at vi like godt fortsette ein time til.

Når vi (eller eg) snakkar om det, så kom eg på at eg har lært meg å lage sushi (Er ikkje sikker på om eg har lært å skrive det då). Og smakt det. Smaken var som forutsett. Dvs at det held med den eine gongen. Eg kan jo eventuelt smake på den om 7 år eller noko slikt, då skal visstnok eg like alt eg ikkje likte før. Nesten i alle fall.

Har du tenkt deg på kino, så er valet klart: 3:10 to Yuma.
Har du ikkje sett han, bør du reservere neste fredagskveld, ta med deg eit par vener og sjå han!

(Og ein heilt annan ting:
For dei som fylg med på isbjørnen Knut i Tyskland, så kan eg dessverre meddele at han har blitt psykopat.)

Vel, vel, det for halde for no. Så snakkast vi vel i kommentarfeltet ;)

Kvifor?

Fjern kontroll

Det er ein tilsynelatande vanleg dag i Kristiansand. I leiligheten har Eivind nettopp steikt siste rest av vafflene, kokt opp litt varm sjokolade med Tine Krem Topp på toppen, fyllt CB'glaset med appelsinbrus og teke plass i sofaen. Framom han står maskina, der Michael Bublé syng om kapp med DVD-meny musikken på filmen som snart skal få ta Eivind inn i ein slags transe.

"Call me irresponsible", syng mr. Bublé. "Ja, akkurat no kan du kalle meg kva du vil", tenkjer Eivind. For no skal han koplast ut av denne verda i dei 88 minutta filmen varar. For i dag har han vore nok "liable". Eit tjukt lag med snø, som i laupet av natta har vorte til eit tjukkt, sleipt og ikkje minst vått lag med slaps, har gjort det nærmast umogeleg å gå ut. Men det stoppar ikkje Eivind. Nei, tvert imot, han vert berre litt irritert før han går halve sida av kvartalet på venstre side berre for å komme tilbake til utganspunktet, men no på høgre sida. Men so skjer det, han trakkar rett i snøen, eller kva ein kan kalle det. Det var i alle fall snø. No er det vatn. Og med joggesko kan du tenkje deg korleis det gjekk. Og det var berre starten.

Fjernkontrollar er ein fin ting. Eivind likar fjernkontrollar. Fra stolen sin skrur han av lyset, skrur opp lyden på anlegget, og gjer seg klar til å sjå film. Og denne gongen er det nok mr. Bublé som må gi seg, og sluttar med å syngje: "Girl, I'm irresponsible mad for you!" Så sant, så sant.

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com