"Blod fra en såret rose"

Historia om muntleg eksamen 2006

Mandag

kl. 09.05, klasserommet:

Klassa er samla, klare til å motta dommen. Melding om muntleg eksamen 2006. Det er blanda kjensler i rommet. Mange er spente, alle har eit håp, og alle er usikkre. Alle veit at dei kan komme opp i norsk. Eg er ganske roleg. Håpar på musikkformiding, høyrelære, religion eller direksjon.

Vi ventar. Tek opprop. Tore manglar. Vi startar utan han. Rektor byrje å lese opp: "Fylgjande elevar er trekte opp i norsk. Elin, Eivind..." Alt blir svart. Et par sekund av mitt liv er ikkje å finne igjen i min hukommelse. Av alle fag so måtte eg komme opp i norsk. Eg ler... Er det mulig, tenkjer eg. Så blir eg skuffa.

kl. 09.30, biblioteket

Vi møter på biblioteket. Går igjennom et eller anna ark. Så trekk vi oppgåvene. Eg er nest sist. Ser to lappar i konvolutten. Tek i den eine, ombestemmer meg, tar den andre. Les. Realismen. Ser på LK. Han fikk tema språkutvikling på 1900-talet. "Den skulle eg hatt," tenkjer eg, sjølv om det er berre språkutvikling på 1800-talet eg kan.Eg og Thea har fått same tema. Elin spør om det er noko vi lurer på, eg svarar ”alt.” Eg får ikkje svar. Kanskje ikkje så rart heller. Vi går kvar til vårt. Eg og Thea blir enige om å samarbeide litt. Vi treng berre litt tid til å dempe dei sterke anti-norsk kjenslene. Vi blir einige om å møte i posthyllegangen på hovudbygget, og går kvar til vårt. Thea sit på senga si i 40 min og er skuffa. Eg riggar meg til med datamaskin i peisstova, sterkt skuffa eg òg.

Kl. 10.15, peisstova

Thea kjem, vi byrjar på jobbe, stadig avbrutt av små irritasjonsutbrudd. Folk kjem og spør kva vi kom opp i. Vi prøver å halde fatninga og svarar så godt vi kan: Norsk! Å stakkar dykk, seier dei då, og spør om kva tema vi har. Men når vi svarar ”realismen,” seier alle at det er jo bra. Vi finn fort ut at det ikkje er fleire enn oss som ikkje likar naturalismen, og blir meir og meir provosert.

Vi byrjar på oppgåva. Les problemstillinga eit par gongar. Prøver å få tak i kva som eigentleg står der. Finn fram norskboka, les. Søkjer på nettet, finn mykje stoff, les noko av det. Blir lei. Går til lunsj. Matpakken har blitt litt hard. Sjokade, for så vidt ikkje så verst, i alle fall på ein mandag. Nugattien var ikkje å sjå. Den forsvann på laurdag.

Kl. 12.10, peisstova

Eg går tilbake til arbeidet. Er trøytt. Thea er ein annan plass. Eg finn ut at eg må lese i norskboka, og legg meg ned på ein sofa og byrjar å lese. Les. Det blir tyngre og tyngre. Er søvnig.

Kl. 15.30, peisstova

Vaknar brått. Høyrer at nokon kjem. Snur meg. Martin spør: ”Går det bra med deg, Eivind?” Eg stadfestar at alt er ok med meg og ser på klokka. ”Drit”, tenkjer eg. Men finn fort ut at eg trengte litt søvn. Kun ein halv time til middag. Eg droppar norsken og går ut og kastar frisbee med Hein. Prøver å koble av litt. Klarar det for så vidt, sjølv om vinden ikkje går min veg. Men eg treff ingen bilar i dag... Mosakka til middag. Æsj. Men litt nam med løk i. Seier takk for maten.

Kl. 16.20, peisstova

Set meg ned, tenkjer at no skal eg jobbe. Er litt optimistisk i dag. Dette skal gå, tenkjer eg. Håpar på ein trear eller noko slikt. Loggar på Live Messenger, finn fort ut at det er mykje kjekkare å snakke med 1.klassingar enn å gjere norsk. Klagar mi nød til alle saman. Alle seier det skal gå bra. Eg trur ikkje på dei.

Kl. 20.20, peisstova

Lenge sidan eg har gjort norsk, sit på nettet og surfar. Lastar ned eit program til PC-en. Finn eit anna program. Eit krypteringsprogram. Lastar det ned. Kva skal eg med det? Ingenting, eg har jo null burk for det, men installerar det likevel. Så stoppar heile maskina.
Ingen panikk. Dette er eg vant med. Dette skal eg fikse. Startar maskina på nytt. Den stoppar under bootinga av Windows. Eg prøver igjen. Same problem. Vil starte i sikkermodus. Det funkar jo alltid. Men nei, ikkje der heller. Blir nervøs. Prøvar med systemgjenoppretting, men det funkar ikkje. Hentar windows cden. Den lastar inn filene, og så stoppar heile driten igjen. No har eg eit verkeleg problem. Sjølv ikkje siste løysing fungerar. Reprasjon? Angrar på at eg installerte dette programmet. Tek ut batteriet og koplar ifrå straumen, håpar det er ein minnefeil. Sender ei bøn opp i skyene og et kvelds.

Kl. 21.03, peisstova

Kjem tilbake. Set i batteriet og straumen. Startar opp. Windows lastar filene. Eg trykkjer på reparer XP og ventar. Så kjem det opp noko eg aldri har sett før. Maskina seier at eg skal trykkje 1 for å reparere valt installasjon, eller trykke enter for å avbryte. Eg trykkje 1. Ingenting skjer. Berre dos ledetekst. Eg skriv nokon kommandoer, men snart skriv eg exit. Ikkje noko anna å gjere. Og startar maskina. Er spent. Til all forundring fugerte det. De høye makter har peilig på data også!
Eg blir så gla at eg kosar med maskina mi resten av kvelden. Surfar på nettet og snakkar på messenger. Legg norsken vekk. Når klokka nærmar seg 11 går eg låserunda. Mange opne vindauge. Tore gløymer igjen macen sin på datarommet. Eg må låse opp igjen. Går og legg meg. Søv. Godt. Heilt til neste morgon.


Tysdag

Kl. 07.50, rom nr. 214

Den velkjende lyden av ein Nokia 8310 som gjer sin plikt på morgonen. Og den kjære og velbrukte knappen slumre. Ikkje berre èin gong. Fleire gongar. Ingenting er meir deilig enn å trykke på slumreknappen. Eller, det vil seie, noko er jo deiligare, men det skal eg ikkje kome inn på no. Frukosten er frå kl. 8.00-8.30. Eg kjem kl. 8.32, og rekk det akkurat. 3 skiver. Syltetøy. Godt. Tek ei til. Og endå ei. Klar til å byrje på dagen sine plikter. Går inn i peisstova og loggar på messenger.

Denne dagen vert verre og verre. Eg er ikkje lenger optimistisk. No vert allt svartare og svartare. Eg ser ikkje enden lenger. Vert meir og meir nedfor.

Kl. 11.30, matsalen

Det er lunsj, et maten min. Sit med penge-Oddvar og Jorunn. Har jo stole lunsjplassen til lærarane, so endeleg skal dei bli kjede med oss. Kor monge av lærarane veit korleis og kva vi et trur du? Ikkje mange.
Elin kjem og set seg. Seier ingenting. Sit rett ovanfor meg. Thea set seg ved sida. Elin spør korleis det går. Vi seier ganske i kor: ”Dårlig.” Elin seier ingenting. Egentlig like greit.

Kl. 12.00, peisstova

Prøver å arbeide litt. Klarar det av og til. Finn ut at eg må lage ein disposisjon og lage foredraget ut i frå den. Forstår ikkje kva som er forskjell på indre og ytre røynd. Benedikte prøver å forklare meg kva det er. Er framleis ikkje sikker på kva det er. Det blir mørkare. Snakkar med folk på messenger. Kjekt. Tilbake til norsk. Kjedelig. Arbeider i små krampetrekk fram til middag. Designer disposisjonen. Blir glad i Office 2007, som eg for augneblunken testar.

Kl. 16.05, matsalen

Fisk til middag. Steikt fisk med råkost. Som om verden ikkje var mørk nok som han var. Hentar krydderet mitt og lessar på. Lurar på kvifor dei skal pine oss med denne maten rett før vi er ferdig. Blir fort ferdig.

Kl. 16.25, peisstova

Humøret går berre ned over og nedover. Treng trøst. Får litt oppmuntring over sms. Takk. Arbeider litt, les stoffet, skriv disposisjon.

Surfar på nettet. Finn ein deilig softgun eg har lyst på. Tanaka M700, en type 96 sniper. Finn ut at alt utstyret eg vil ha berre kostar 900 dollar. Som tilsvarer nesten 6000 kroner. Har problemer med å finne rette kikkertsikte.

Kl. 19.00, kjærleiksstien

Er eg så langt nede at eg låser maskina, reiser meg opp og går ut. Går ned til brygga. Går kjærleiksstien. Aleine. Savnar selskap. Drøymer. Tenkjer. Set meg ned. Ser på havet. Ser på bølgjene og vert fascienert av bølgjene frå ein båt. Prøver å samle tankane og bestemme meg for å gjennomføre oppgåva. Reiser meg opp, går sakte opp mot hovudbygget. På veg opp ser eg nokre vakre blomar. Plukkar nokre. Blå, vakre, uskyldige blomar. Dei har ikkje noko å bekymre seg over. Lenge sidan blomar har hatt ei så stor tyiing for meg. Tenkjer på jenta. Blomen. Rosa. Går inn, legg blomane oppå cd-spindelen. Der ligg dei. Blå og fine. Dei smilar til meg. Eg klarer ikkje smile tilbake. Dei visnar meir og meir. Slik som meg. Vi har noko felles, eg og blomane. Livsgnisten. Borte. Nesten.

Kl. 20.30, matsalen

Eg er gal i hovudet. LK merkar det. Eg kjem med mange dårlege vitsar. Nokre bra. Eller så dårleg at dei vert bra. Dei andre ler i alle fall. Fleire seier at eg har gjort for mykje norsk. Enig. Ser ironisk på det som skjer. På livet. På allt. På ingenting.

Kl. 21.10, peisstova

Tilbake til messenger. Snakkar med Ingvild. Snakkar om alt. Eg er så open eg aldri har vore før. Stolar på ho. Seier alt i mi nød. Og det er godt. Godt å få ut alt eg held inni meg. Det lysnar. Alt vert lettare. Byrjar å håpe på ein firar. Trur faktisk eg skal klare ein firar. Får ei morosam melding i gjesteboka på Blink. Svarar. Det er nesten som om nokon skrur på lyset. Eg skriv ut disposisjonen. Fleire eksemplar. Så finn eg ut at eg skal laga han som eit hefte. Og gjer det. Vert nøgd. Vurderar å lage i bakside, men gidd ikkje. Klokka er 10 min over 11. Penge-Oddvar låser. Eg går på rommet mitt.

Kl. 23.15, rom nr.214

Radioen står på. Klassiske musikkstykker frå NRK P2 syng i øyret mitt. Deilig. Men eg må skru av. Går på badet og pusser tennene. Lite tannkrem igjen i tuba. Planlegg ein tur til butikken. Legg meg i senga mi og startar stoppeklokka. Går igjennom foredraget. 16 min. Legg meg. Sovnar etter kvart.


Onsdag

Kl. 07.50, rom nr. 214

Samme prosedyre. Min kjære venn Nokia 8310 vekkjer meg. Vaknar av første pipet. Slumre. Andre gong dett han i golvet, slik han skjelv. Trur han er blitt gamal. Orkar ikkje å ta han opp. Let han ligge. Slumre. Står opp og dusjar. Kjem for seint til frukost. Får mat. Skive med sylte. Igjen. Og peanøttsmør. Ikkje like godt. Går inn i peisstova og fyrer opp maskina. Skjekkar mail. Ikkje noko interessant. Er roleg. Går inn til penge-Oddvar, som stiftar heftet mitt. Et smash og stratos, som eg kjøpe i den mobile kiosken kvelden før. Fekk 3 kroner avslag. Smash, peanøtter og stratos. Godt. Går igjennom foredraget. 16 min. 5 min igjen til eksamen. Går bort. Set meg på ein stol utanfor og ventar...

Kl. 09.30, klasserom 2

Kjem inn, og til stor lettelse sit der ein mann som verkar til å være av den greie typen. Får ikkje bruke Power-Point. Var forberedt på det. Klarer meg utan. Helser på sensor. Gløymer namnet med ein gong. Han spør kva instrument eg spelar. Eg svarar trommer. Han seier at han har ei datter som òg har trommer, og som fekk 6 på eksamen. Så spør han om eg kjem frå nordfjord. Eg svarar at eg kjem frå sunnmøre, men det var ikkje så gale tippa. Han seier at eg kan byrje. Eg leverer disposisjonsheftet til dei. Legg mine ark utover katetert. Byrjar.

Er roleg. Går igjennom stoffet mitt. Finn fort ut at det ikkje er noko meining i å sjå på sensor. Han er litt rar. Ser heller på Elin. Passar på at når sensor ser ned i papira, gjer eg òg det. Når Elin nikkar, utdjupar eg endå meir. Foredraget varer i 16 min, som eg sa før eg byrja.

Så er det samtale. Elin seier at eg har sagt alt som er å seie om realismen. Er vert overraska. Ho har berre eit spørsmål, og eg svarar så godt eg kan. Sensoren har òg nokre spørsmål. Eg svarar på nokre av dei. Latar som eg ikkje har høyrt om dei andre som han spør om. Så er eg ferdig. Elin seier at eg skal gå ut. Og det gjer eg. Dei ser på meg heilt til eg er ute og døra er lukka. Stille.

Så går eg inn. Set meg ned. Sensor seier at sosialrealismen var eg ganske blank på. Eg er einig. Så seier han noko rart. Noko med karateren 6. Eg ventar. Det tek litt tid før eg skjønar at han meinte at eg fekk karateren 6! Eg trur ikkje mine eigne øyre. Eg takkar og går.

Eg skjønar det frameis ikkje. Eg, den som ikkje kan noko om dette,eg som hatar norskfaget, skal få den beste karakteren av alle som kom opp i norsk. Eg er ikkje djupare enn eit grytelokk. Eg feirar det med eit iskaldt bad i sjøen...

Eg er ferdig med Kongshaug og norsk! For alltid. Takk og lov

9 kommentarer:

Johanne Pauline sa...

får skikkelig medfølelse når eg leser...tenk å få norsk, av alle fag!

men seriøst: 6 i norsk??! woow..
GRATULERER!!! =)

Kristoffer sa...

Hey, du blogger, artig!
Gratulerer med 6'er! Vilt!

benedikto sa...

du skriv mykje.
trur nok du vart inspirert av dei harde, tårevåte, vonlause eksamensdagane og den brå vendinga.

Cecilie sa...

får si gratulere med overstått norsk:)
tenk nå er norsk, pølser og ultrasosialitet over.
Og det føles deilig?

Ingeborg sa...

gratulera :) Imponerande!! eg skjelv ved tanken på å komma opp i norsk...! Får håpa eg e heldiare enn deg! :)

Charlotte sa...

Eivind du Eivind! Gratulerer med 6ern:) du er så sinnsykt flink.. vel fortjent!
Deilig å være ferdig nå altså... Kos deg i sommer da! klem

Ingvild sa...

steike!! du har grunn t å ver stolt, eivind!! de va jo dødsbra.. ha ein fin ferie, så håpe eg du kjeme å besøke oss på kongshaug t neste år.. nyt sommaren..

ps! snakkes me i trondheim??

silje sa...

:D

lika deg

Madelen sa...

Eivind, du er itte sann!!! Gratulerer!! Egentlig føler je litt at du svikter meg, for je trudde jo at vi var på ca. samme nivå, sånn dybdemessig.....men en knallprestasjon! Og du kan jo itte hate norsk når du skriv så lange blogger:)

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com