Haustferie

Tenk deg dette:
Du legg deg i ei god seng og brer dyna over deg, før du sovnar stille inn. Når du vaknar kan du gå til ein deilig frukost der du har alt du treng, og då er sjølvsagt kakao medreikna. Når frukosten er ferdig, er du heime!

Eg tok Hurtigruta, eg og Oddbjørn. Frå Bergen til Torvik. Vi gjekk om bord ca kl. 18.00, daffa rundt litt, men fann snart ut at vi var svoltne. Og folkens, Hurtigruta sel BigOne pizza! Heiv inn ein halv pizza, og gjekk til lugaren. Men det merkelegaste av alt var at eg la meg for å sove kl. 20.30.

Heime gjekk det meste i engelsk. Vi har ein utvekslingsstudent frå Amerika heime. Og ho er ikkje så interessert i å lære norsk.

Så vart eg sjølvsagt sjuk...

0 kommentarer:

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com