Link tutorial

Etter ein nermare studie av folk sine bloggar, har eg kome fra til at det er mange som ikkje veit korleis dei skal legge til sine eigne linkar. Og det er ikkje det enklaste i vera heller, for anten må ein vere over middels smart, eller så må ein kunne HTML. Når eg er begge deler (hehe), så tenkte eg at kanskje skulle eg lage ein tutorial som syner korleis ein fiksar linkane sine.

I denne tutorialen (norsk: time hos en tutor, kva enn i all verda det er for noko) skal eg forklare dei enkle html tagsa vi brukar når vi lagar linkane.
Beklager at det ikkje er så oversiktig, men det ser ikkje ut som om blogger likar avanserte brukarar, så eg fekk litt problem når eg skulle skrive denne posten. Det skal ikkje være mellomrom i < ul > < / ul >, < li > < / li > mm. Ta kontakt for spørsmål og hjelp.

Korleis legge til linkar

1. Gå inn på template

2. I tekstboksa, scroll ned til du finn dette:

< ul >
< li >< a href = "http://news.google.com ">Google News< / a >< / li >
< li >< a href = "http://help.blogger.com/bin/answer.py?answer=110">Edit-me< / a >< / li >
< li >< a href = "http://help.blogger.com/bin/answer.py?answer=110">Edit-me< / a >< / li >



La oss gå igjennom kvar enkelt tag:

2.1 < ul >
Denne taggen startar ei unordered list, ei liste som ikkje er sortert etter nummer ol. Ser vi litt lenger nede, finn vi ein til, berre litt forskjellig: < / ul >
Forskjellen her er at denne har ein slash, eller ein skråstrek. I html er det eit teikn på at no er denne taggen, eller i dette tilfellet denne lista, ferdig. Det er rett og slett ein avslutnings tag.

Alle linkane du vil ha skal være i mellom < ul > og < / ul >.

2.2 < li >
Kva er vel ei liste utan innhald? List item taggen, li, lagar ei linje (enkelt forklart), eller eit liste-element. Også denne har ein avslutningstag, < / li >.

Kvar einskild link skal være inni sin eigen "< li > Link < / li >" tag.

2.3 < a >
Dette er den viktegaste taggen. Det er den som i det heile gjer at det vert ein link. Og denne har fleire element:

< a href = " http:// galverden . blogspot . com " > Eivind Frøystad < /a>


2.3.1 href
Dette er det som definerer webadressa til den du skal linke til. Adressa skal alltid starte med http://. Adressa vert skriven mellom hermeteikna. Dette vert ikkje printa på skjermen og er derfor "usynleg" (på ein måte, ta kontakt om du er interessert i ein djupare forklaring.

2.3.2 < a href = " http:// galverden. blogspot .com " > Link < / a >
Det er det du skriv her (utheva) som vert vist til brukaren. Her skriv du kva du vil, men det bør stemme med adressa, ellers vert det nok mange irriterte brukarar på sida di.

Det vanlegaste er å skrive navnet på den du linkar til.

Kort forklart:
Først:
< ul >

gjenta for kvar link:
< li >< a href = "http:// link.example.com "> Det lesaren ser, feks Avslutt < / a >< / li >

til slutt:
< / ul >

For spørsmål, hjelp el andre ting: ta kontakt. Eg tykkjer det er kjekt å hjelpe.
Det enklaste er å kopiere standard linja der det er link til google news, endre på den og kopiere og redigere han så mange gongar du treng det.

5 kommentarer:

Madelen sa...

Heisann. Itte for å masa, men je lurer egentlig litt på åssen det går med den sida for klassa våres som vi prata på. Er det noo som kan bli realitet? Det hadde vøri kjempekjekt!!

benedikto sa...

interessant.

Charlotte sa...

hm.. jeg blir helt oppgitt bare av å se på alt det der jeg. gidder ikke lage noe sånt fancy stuff så holder meg til ren skriving. Like greit når jeg vet at du ikke er rundt lenger til hjelp ved behov:) Koser du deg i ferien?

Cecilie sa...

ikkje dårlig. Men må nok inrømme at dette er nok litt for innvikla for meg. Er du open for å undervise?
er jo greit å kunne sånne ting

Journey sa...

Hei og hå!
Fin tutorial, eller opplæring som ein gjerne kan seia på norsk.
Dersom nokon ynskjer å sjå noko liknande, utan alle mellomromma, kan dei gå inn på HTML-skulen, del I.

Det er i sanning ei gal, gal verd:)

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com