Travle tider

Det gjekk som eg tenkte: Mi karriære som bloggar ville dabbe av. Så dette er eit desperat forsøk på å komme på fote igjen.
Siste veke har våre den hardaste veka til no i år. Med jobbing frå 10 på morgonen til 10 på kvelden, er mandagen, altså fridagen, eit kjærkoment fenomén. Kor fri eg er kan vel diskuterast.I dag skulle eg gjere alt det eg ikkje fekk tid til tidlegare i veka.

Stor gut
No har eg endeleg blitt stor gut. Eg var vakt. Skikkeleg vakt, ikkje berre sånn "pingle-låse-vakt" som eg var førre året. Og det kan jo være kjekt, å kjefte på elevar ol. Problemet er at eg er så vant med å være elev, at eg gløymer nokre av oppgåvene eg har som vakt. Eg hugsar aldri å skjekke om dei som har kjøkkenvakt stiller opp (NB! Kongshaug elevar som les dette: Ikkje tru dykk kan sleppe unda, eg skal skjerpe meg).

Deppe-dag
Dagen i dag byrja ikkje idyllisk. Eg vart vekkt halv åtte av ei gravemaskin som dura i veg. Dette førte til at eg halvsov fram til klokka var kvart på ti, då eg eigentleg skulle vakne. Men ikkje nok med det. Sjølvsagt var vekkarklokka feil, så når eg såg på armbandsuret mitt, var det berre eit minutt til klokka skulle ringe. Men då han ikkje ringde etter 2 min, vakna eg skikkeleg. Kriiiiiiiiiiseee!Vekkarklokka er 5 min for treig!
Så sette eg meg på datarommet for å programmere KongshaugFestivalen 2006 sida. Etter eit par timar og nesten ingen framgang, gav eg opp. Eg tålte rett og slett ikkje synet av ei datamaskin!
Etter dette har eg eigentleg berre deppa. Då ser eg berre ironisk på alt som skjer.

Og så har eg lært ein ting:
folk gidd ikkje lese lange bloggar, så då sluttar eg berre av nett no eg...

0 kommentarer:

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com