World Wide Web

"Hva var vel livet uten deg?"

Kva gjere eg når eg sit på Kongshaug, aleine og forleten i gymbyggleiligheita? Dei første dagane såg eg berre på TV. Men det er jo keisamt i lengda, for det er skjeldan nye reklamer. Og dei gamle vert eg fort lei. Nei, eg seier: "No skulle eg hatt ein trådlaus router." Og går på datarommet og kjøper ein. Enkelt og greitt.

Så sit eg her då. Utan ein trå. I alle fall i datamaskina. Og surfar. Nettet er så stort, men likevel så lite. Eg er tom. Eg har ikkje nye sider å gå inn på. Har vore på alle sidene. Registrert meg her og der, du finn meg som eivihnd alle plassar det går an å registrere seg. I alle fall nesten.

Kven hadde trudd internett skulle kunne underhalde i så stor grad? I går surfa eg, forvilla meg inn på www.wgcshop.com, lempa i handlekorga det eg ville ha. 1606 dollar. Eller 10 000kr, 12500 med norsk moms. Magiske nummer. 12500. I alle fall frå i dag av. Ein Tanaka M700 sniper, eit M15A4 gevær, ein Walter P99 med lyddempar. SWAT vest. Bipod til M700. Og mykje meir. Har lyst, men kan ikkje endå.

Men det eg eigentleg skulle seie, var at no går eg offline i ukjent tid. Korleis skal det gå? Nei, eg er ikkje avhengig. Trur eg...

1 kommentarer:

m a r i i i i i sa...

Halla! (Ja, eg huske at det var arabisk)

Passe mange av disse her med deg ? Substans= Internett. oki?

(a) Sterk lyst, eller følelse av tvang, til å innta substansen.
(b) Problemer med å kontrollere inntaket av substansen, i forhold til å starte, avslutte, og mengden som inntas.
(c) Fysiologisk abstinens-tilstand som opptrer dersom bruken av substansen opphører eller reduseres, eller viser seg med karakteristisk abstinensyndrom for den aktuelle substansen, eller gjennom bruk av samme eller beslektet stoff for å lindre eller unngå abstinenssymptomer.
(d) Toleranseutikling, slik at større doser må til for å gi samme effekt som tidligere.
(e) Økende likegyldighet i forhold til andre gleder og interesser. Økende tid brukt på å skaffe seg substansen, på å bruke den, eller på å komme seg i form etter bruken av den.
(f) Adferden og bruken fortsettes selv om det tilkommer åpenbare tegn på skadelige konsekvenser.
Hentet fra «http://no.wikipedia.org/wiki/Avhengighet»

I såfall.. Jo, avhengig;)
Viss ikkje: Gratulerer! Ikkje avhengig;)

Har forresten skreve om alt eg har lært på bloggen min, så eg droppe boko;)

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com