Mann (20) prøver nye ting

"Oppdater, oppdater!" ropar dei. Eg klarer ikkje stå i mot. Eg vil ikkje stå imot. Eg vil oppdatera. Eg vil!
Eg har lenge halde meg vekke frå vintersport, hovudskeleg fordi ski er så keisamt, men no har eg starta eit nytt og betre liv. Ski er endå keisamt, men i går, ladies and gentlemen, sto eg for første gang på snøbrett! Det var mildt sagt konge!

Vi sat på ein restaurant (etter at eg og Leif hadde ete pizza på peppes, sjølvsakt på sonans si rekning), der vi "feira" at ein medarbeidar frå Italia skulle reise heim att. Lett snakk om snowboarding førte til ei tidleg oppståde nesten morgon, der eg, Tore, Leif, Megan, Kari, Bård og Geir pressa oss inn i Hynnekleiv-transport sin bil, og kjørte i halvsøvne dei to timane det tok å komme til Bortelid.

Etter ein kjempedag, der trekket stengte altfor tidleg, reiste vi heim, laga super sunn mat, steikte poteter og pølse, og chilla resten av dagen.

I det siste har det meste på jobb gått på engelsk, i og med at vi har medarbeidarar frå både Italia, USA, Brasil, Russland mm. Eg har blitt så språkforvirra at det høyrtest ut som om alle på Bortelid snakka engelsk.

Eg har funne ut at eg vil reise til USA. Bu der eit år eller noko slikt ein gong. Det verkar interessant. Besøke folk eg har blitt kjent med kanskje. Gjere noko gøy med livet mitt. Ikkje berre sitje her og fokusere hundre prosent på å bli størst her i verden. Ikkje at det er det eg gjer heller. Kva hjelp det om du har blitt konsernsjef for Statoil Hydro og du ikkje har gjort noko anna enn å jobbe heile livet? Kva har du då å sjå tilbake på? "Samle deg ikkje skattar på jorda", står det i Biblen. Opplev ting! Kom deg ut! (Og berre for å hindre klagar frå sinte mødre: gjer leksene dine)

På tirsdag skjedde det noko "rart". Vanlegvis når eg er på møter og liknande (i kristen samaheng), vert eg trøytt og lei etter ca 1 time og 8 minuttar. Tirsdag hadde vi bønnesamling hjå Hynnekleivs, og det varte jo pina det meg i 5 timar. Det som var litt spesiellt var at eg ikkje var lei ein einaste gong. Eg såg riktig nok på klokka når den hadde blitt 11, men det var så godt at vi like godt fortsette ein time til.

Når vi (eller eg) snakkar om det, så kom eg på at eg har lært meg å lage sushi (Er ikkje sikker på om eg har lært å skrive det då). Og smakt det. Smaken var som forutsett. Dvs at det held med den eine gongen. Eg kan jo eventuelt smake på den om 7 år eller noko slikt, då skal visstnok eg like alt eg ikkje likte før. Nesten i alle fall.

Har du tenkt deg på kino, så er valet klart: 3:10 to Yuma.
Har du ikkje sett han, bør du reservere neste fredagskveld, ta med deg eit par vener og sjå han!

(Og ein heilt annan ting:
For dei som fylg med på isbjørnen Knut i Tyskland, så kan eg dessverre meddele at han har blitt psykopat.)

Vel, vel, det for halde for no. Så snakkast vi vel i kommentarfeltet ;)

6 kommentarer:

Guri sa...

Hei Eivind:)

Så bra at du oppdatere, eg har blitt LITT flinkare sjøl og, men har vel ein lang vei å gå ennå for å bli så flinke at folk gidd å besøke bloggen min jevnlig...:p hehe. Men det skal komme...:)

Det glede meg å hørra at du har det bra! Va på impuls i helgå, å eg får sjå om eg klare å legga dette i Gud sine hender, sjøl om eg lige best å råda sjøl, å gjer d eg trur vil ver best for lille meg...;)

Blei nesten et lite blogginnlegg, men slik kan det gå! Gleder meg til neste skype anledning me får ilag! Det blir bra:)

Hugs 'n kisses ( bare for å ha me litt engelsk i den engelske språkkvardagen din..;)

Anonym sa...

Så stilig at du har stått på brett for første gang. Da er du kanskje på nivå med meg, som har stått flere ganger, men har et veldig fraværende talent.. :P

Du, skal du være i Kristiansand til neste år? Og skal de andre gutta også det? Thinkin' of Kristiansand as a posibility..

Anonym sa...

Hmmm. Ladies; okei. Gentlemens; her skurrer det litt. mens?

m a r i i i i i sa...

No har eg sjekka dagbladet;) Spenstig då!

Kristine sa...

Eg og har lese Dagbladet, stilig! Må bare si ifra om Depp komme og dokke trenge ein geisha for å varte han opp;)

Snøbrett er bra, men vanskelig! Eg vurderer å prøve meg på telemarkski, men det e nok sikkert like vanskelig...

Står det bra til med sinusfunksjonane?

Eivihnd sa...

Hehe, d skal ej du :)

Ej he prøvd telemark, fikk d ikkje til, syns snøfjøl e masse lettare.
Joda, sinus og cosinus dundra og går, vektora i 3. dimensjon e det som e hot no for tida :)

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com