Viva la Revolución

Dei seier det, at dess meir avansert eit system er, dess lengre tid tek det å restarte det. Derfor har det ikkje kome noko oppdatering her på lenge. For det kan i alle fall ikkje ha noko med at eg er på Fjesbok å gjere...

Det skal ikkje være enkelt. Å flytte skal heller ikkje være enkelt. Men pytt, pytt, la oss gjere det uansett.

Startar flyttesekvens ................. done
Seier opp jobben ........................ done
Pakkar flyttelass ........ 67% complete

Tenk, eg skal til det lovande land. Landet med effektiv kollektivtrafikk, landet med ninjutsutrening. Landet som er eit av dei dyraste i verden. Altså Oslo. Kor lenge trur du eg blir der?

Forresten, har du emballasjeplast? Eg treng eit par titalls meter. Gjerne innan fredag. Ikkje? Ah, dritt, då må eg skaffe det sjølv. Jaja, sånn kan det gå.

Ingenting er som å skrive brukarmanual for videoassist medan ein høyrer på Harry Potter musikk. Det vert liksom noko magisk over heile manualen. Spesielt i feilsøkingsdelen, der løysninga alltid vert å svinge tryllestaven for å fikse alle problemer. Det er akkurat det eg har gjort no. Nei, eg meinte ikkje  å svinge tryllestaven altså, eg meinte å skrive brukarmanual. Og veit du kva? Det er veldig kjedelig, eller keisamt, som det heiter på godt nynorsk. Det er vel på tide å skaffe ein morosam jobb... Har du ein på lur? Kanskje eg skal ta over for professor Humlesnurr når han pensjonerar seg?

"Kom til Oslo,
der e d so flott,
de har masse smågodt,
og nykokt kaffe har d også der (2x)
Kom til Oslo"
Melodi: "Kom til Hydro", av Onkel Afro (trur eg)

Ikkje det at eg drikk kaffe, men det passar med beaten. Men men, du, veit du kva?

Vi sjåast i mitt nye liv (smilefjes)!

8 kommentarer:

Ingve sa...

Thank you bro'

Då fikk ej svar. Lykke til me dei siste 33 %. Ikkje ta heilt knekken på tigerstaden!

Ole Malvin sa...

kondolera

Anonym sa...

Det Lovande Land, eg smilar og ler!

Veit du, eg har faktisk ein morosam jobb på lur. Eg tykkjer han er morosam i alle fall. Kundesenteret i Vårt Land. Ynskjer du å kome inn bak den store avisa sine dører kan eg hjelpa deg.

Har du funnet bopæl? Og når flytter du egentlig, hvis du har begynt å pakke allerede?

Jon sa...

Mulig da? Oslo. "BOSS? Hva er det forno?"

Gunhild Marie sa...

Ikkje ha FOR store forventningar til effektiv kollektivtrafikk...hehe.

Harry Potter-musikken = digg.

m a r i i i i i sa...

O store Vestland var digg. Men nå er jeg tilbake på Sørlandet da, så det er vel helst du som vet noe om hvordan det går i vest;) Ikke glem at du skal besøke ansgar i år 2009:)

Anonym sa...

Oslo er bra, hipp hu-ra!
Jeg gleder meg til å komme på besøk. Kanskje til ei kul rønne?
Brukarmanual høres bra ut.
Husk å ta turen til Stavern i 2009 da. Det er bare 2 timer unna Oslo;)

Ole Malvin sa...

e du i oslo enno? i og med da enno ikkje har kome oppdatering som enten seie du e død eller levande... eller enno verre kanskje har du blitt joppe som må reddast

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com