Fjern kontroll

Det er ein tilsynelatande vanleg dag i Kristiansand. I leiligheten har Eivind nettopp steikt siste rest av vafflene, kokt opp litt varm sjokolade med Tine Krem Topp på toppen, fyllt CB'glaset med appelsinbrus og teke plass i sofaen. Framom han står maskina, der Michael Bublé syng om kapp med DVD-meny musikken på filmen som snart skal få ta Eivind inn i ein slags transe.

"Call me irresponsible", syng mr. Bublé. "Ja, akkurat no kan du kalle meg kva du vil", tenkjer Eivind. For no skal han koplast ut av denne verda i dei 88 minutta filmen varar. For i dag har han vore nok "liable". Eit tjukt lag med snø, som i laupet av natta har vorte til eit tjukkt, sleipt og ikkje minst vått lag med slaps, har gjort det nærmast umogeleg å gå ut. Men det stoppar ikkje Eivind. Nei, tvert imot, han vert berre litt irritert før han går halve sida av kvartalet på venstre side berre for å komme tilbake til utganspunktet, men no på høgre sida. Men so skjer det, han trakkar rett i snøen, eller kva ein kan kalle det. Det var i alle fall snø. No er det vatn. Og med joggesko kan du tenkje deg korleis det gjekk. Og det var berre starten.

Fjernkontrollar er ein fin ting. Eivind likar fjernkontrollar. Fra stolen sin skrur han av lyset, skrur opp lyden på anlegget, og gjer seg klar til å sjå film. Og denne gongen er det nok mr. Bublé som må gi seg, og sluttar med å syngje: "Girl, I'm irresponsible mad for you!" Så sant, så sant.

12 kommentarer:

Ingvild sa...

Kjære Eivind. Har du fjernkotroll for lyset? What?
Denne leiligheten må jeg virkelig komme å se;)

Klem:)

m a r i i i i i sa...

Har vært litt bekymra for meg sjøl eg òg. Men håper eg gir etter for advarselen eg har gitt meg:P

Den cden har eg òg forresten;)

benedikto sa...

flink gut som oppdaterer:) og gratulerer med fint ver:P

Anonym sa...

å jul med din glede og snø med din lyst,
vi hilser deg alle vaflkommen.
vi hilser deg gjerne me film og brus,
og lover å mure oss inne
vi leiker me lys og lyd,
vi hater våte snø,
så gal blir vi,
så gal blir vi,
vi ruller oss i slapsen
og fråder, og raller

Daniel sa...

Eivind, du er no en artig gutt! Eg ser fram til og vitje deg om ei lita stund

Rut Katrine sa...

kontroll for lys,hmm..I like , I like:)
"Girl, I´m irresponsible mad for you" du trengte ikkje fortelle med deg, eg veit!;) old news you know!
kjem snart på besøk :P
see ya wouldn wanna be ya ;)
(iallefall ikkje om du har våte jogeesko)

Guri sa...

Hehe. Du e kul du Eivind. Eg kjem forhåpentligvis og snart på besøk..:D
Og, ja, eg har hatt ei veldig fin jul og nyttår..:)
Du og?

Rut Katrine sa...

det går kjempe bra her med meg:) litt ensomt uten du, luskande rundt her, men eg overleve nok..er jo bare et semester igjen!
kor det går med deg da?:)
og joda, vi ilag?!perfect match! I know it;)

m a r i i i i i sa...

ja*3:)
- Ja, eg e blitt flink (snart hvert fall)
- ja, eg husker at eg skulle forklare noe
- og ja,

nei, no glømte eg den siste jaen..

Rut Katrine sa...

ååh...høres ut som du stresse! nicht gut! men det går nok bra til slutt skal du sjå, det gjer det alltid:) skal tenke på deg!men september er ikkje langt unna:P

Unknown sa...

hm.............

www.straumlaus.blogspot.com

m a r i i i i i sa...

Har var det ikkje skjedd mye siden sist. Kom igjen!

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com