Kjøkkenulykke

Sterkt inspirert av Tora's matlagingshistorier tenkte eg at eg skulle skrive om ei oppleving eg hadde i sommar.

Det var ein tilsynelatande heilt vanleg somardag på Sunnmøre. Sola stod høgt på himmelen, og det var ikkje ei sky å sjå. Så varmt var det, at lufta over vegen var uklår, lett tilsløra av dampen som steig opp frå asvalten. Ja, det var faktisk så varmt at eg måtte halde meg innandørs. Og det gjorde eg.

Det lei på ei tid, og etter kvart kjende eg at det byrja å bli tid for mat. Mat til meg og mine to eldre brødre, som hadde strevd og slitt heile dagen for å tjene til livet sitt opphald. Etter ein rask kikk i kjellaren, konkluderte eg med at eg skulle lage Bali kyllinggryte. Ein god og enkel rett. Eg kokte opp risen, tilsette litt salt og olje, og kutta opp ein kyllingfilét i terningar. Denne skulle eg steike i olje før eg tømde han i Bali-sausen.

Det var då det skjedde. Det har seg slik at mamma, som meg, har sans for design-redskap. Eva Solo er ein forholdsvis ganske kul serie, og dei har også ein manuell "sprayboks", som kan fyllast med væske, fortrinnsvis steikeolje. Den må pumpast manuelt for at det skal være mogeleg å spraye ut innhaldet. Veldig kult og nytteg. Men likevel, det var denne sprayboksa som skulle endre livet mitt for alltid.

Eg tømde kyllingen i panna, og tilsetje litt olje. Etter eit minutt såg eg at eg hadde for lite olje, og ville tilsetje meir. Så eg pumpa. Og pumpa. "BANG!" Kva skjedde? Av refleks "blokkerte" eg det eg trudde var glasbitar med ein karateblokk. Og der stod eg, full av olje. Eg hadde fått olje i augo, so eg kunne ikkje sjå omfanget av det som skjedde. Men eg kjende det. Mmmmmmm, så godt, der stod eg, fullt innsmurd i olje...

Vel, det positive med denne historia er at ein del av kjøkkenet har aldri fått si slik reingjering som den fekk den dagen. Og eg? Eg gjekk rett ut på asvalten, tok hageslangen og spylte meg sjølv. Frå den dagen av har eg alltid vært forsiktig når det kjem til pumping av sprayflasker på kjøkkenet.

5 kommentarer:

Jon sa...

Eivind, Eivind. Når skal gutter som oss lære? Foresten, Eva Solo 4laif!

Sandra sa...

Gutter som oss, hva med meg?
Jeg kjenner jeg er glad jeg ikke er alene. og at det kjøkkenet sikkert trengte en grundig vask.

Ingve sa...

No legge Eivind litt tjukt på då... Mamma måtte vaske kjøkkenet når ho kom heim. Men elles va det et smell som va verdt å få me sej...

Anonym sa...

hører at det går ann å melde seg opp på husmorskole, ganske du skulle sikte inn på det et år?

m a r i i i i i sa...

Den var lei. hehe. Jeg kan lære deg noen triks en dag;) Det ene middagstrikset holder jeg på med å få andre til å lage mat for meg;P Jeg sender deg plutselig en mld eller ringer, vi skal vi leke. :)

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com