Progress: 1 of 2: 50% complete.

Vel, då var ein eksamen over. Eg er offesielt ferdig med Mattematikk 2MX, og gler meg stort til å ta fatt i 3MX til våren. Og ute skinner sola og alt er berre bra...


Neida, sola tittar fram berre medan eg søv på morgonen, og sjølv om det er sol, er det iskaldt. Men heldigvis ikkje snø endå.


Måtte berre ha med eit bilete frå eksamensførebuingane.















Og eksmanenen var jo ikkje så gale, utanom at det var altfor mykje vektorregning. Men ei oppgåve tok kaka. Den var jo så lett at det skulle ikkje være lov. Eg tør nesten seie at om ein ikkje får seksar med så lette oppgåver, då er det noko gale.

Bilete av oppgåva:

(Svar skrive i raudt)

Norsk skuleungdom som ikkje klarar denne her burde i alle fall vurdere skulebenken ein gong til! Dersom dette er nivået på 2MX kan jo alle eg kjenner ta det. Så med dette vil eg oppfordre alle til å ta Mattematikk 2MX.

Og elles? Nei, er der noko elles? Utanom jobben og skulen? Jo, Tore K stakk av med musa til datamaskina mi. Det er faktisk dramatisk! Men men...

Ha en fin dag!

Monbiary: error

Error 051207:

Ikke nok kunnskap til å kunne fortsette. Mer minne må allokeres for å fullføre oppgaven.


Forslag til løsning:

  • Skjekk alle tilkoblinger, ta ut de som ikke er viktige.
  • Noen oppgaver kan med fordel prioriters vekk. For prioritering av oppgaver, se online hjelp og tjenester.
  • Oppgaven kan avsluttes. Husk å lagre alt arbeid før du fortsetter. For mulige følger av dette, se

    Hvordan avslutte oppgaver.

Initializing X'amen 07...
Press any key to abort

Mondiary: på en onsdag

Status: Hovudverk, sår hals, feber, mm.

Eg hatar å være sjuk. Berre liggje i senga/sofaen og ikkje gjere ein drit. Det er så unytteg som det gå an å bli.

Jula er komen for å bli. Og eg held fram med mine synder, eg var på julebord på fredag. Pinnekjøtt, indrefilet, koldtbord, karamellpudding, is, og ellers alt du kan tenkje deg av deilig mat. Luksus! Og ein haug fulle folk som faktisk ikkje dansa til dansebandet, som forøvrig var veldig flinke til å trykke på play-knappen. Kan dei få spelejobb på Clarion Hotel so skal jammen meg eg og prøve. Pause. Not!

Nei, sånn går jo dagane, men poker og andre freistingar. LK har skaffa pokerkasse, med fare for at det går ut over nattesøvnen. Og med 2 veker til 2MX eksamen, so kan det jo vurderast kor lurt det er.

Btw, kan jenter sitte med skjegget i postkassa?

Nei, so det. Gler meg til jul. Ferie. Blir digg. Og så blir det gøy å besøke Kongshaug før jul (15.des-18.des).

Mondiary: confession

Vel, til tross for stor oppstand mot mine uetiske handlingar i forrige innlegg, må eg tilstå noko igjen: Eg åt ein kakemann... Puh, det er godt å få det ut. Eg vil ikkje brenne inne med det. Eg åt ein kakemann før desember. Ikkje nok med det, eg drakk til og med ei julebrus. Korleis skal det gå med meg? Eg er eit dårleg menneskje.

Lister ser jo ut til å slå an på dette mediet, så eg slår til med liste: confessions
- Eg er eit dårleg menneskje
- Eg er sinnsvakt dårleg til å kjøpe julegåver
- Eg er egoistisk
- I førjula skal eg på cruise med "Verdens vakraste sjøreise"

Men det skal seiast, det er teit at jula vert så kommersialisert at dei byrjar sal av juleeffektar allereie i Oktober. Det er berre teit. Men men, slik kan det gå.

Snakkes då

Mondiary: Big ad


Nei, eg reklamerar ikkje for øl, men eg synest den reklama toppa heile driten, kan du seie. It's big! Og morosam.

Og så, ein hyllest til Jon:

Jon, ein kar i fra Bergen
Turde ikkje reise fra vergen
Kom ingen vei,
fekk berre nei
Tenkte ho er der ute i verden
- Av Eivind, 07

Tenk deg eit stort fjell. Ok? Så gangar du det med 2. Då har du ca kor mykje lekse eg har fram til 5. desember. Oh joy!

Og i dag drakk eg årets første julbrus...

Beklager at eg ikkje hadde noko interessant å skrive i dag, må liksom ha inspirasjon. Som i går. Brått fekk eg det for meg at eg skulle skrive om det å starte på nytt. Eg veit ikkje kvar eg fekk det frå...

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com