Del 1: Guten og framtida

Tenkte eg skulle skrive kva eg hadde tenkt å gjere til hausten. Mange trur nok at eg har sett meg fast i Oslo, men den gang ei. Neida, eg har heilt andre planar.

Det var ein gong for lenge, lenge sidan. Det var jul, og dei kalde vindane rasa mellom husa, som dei hadde til vane på den tida av året. Ingen mann torde seg ut, for vindane kjende ingen nåde. Men vindane til trass, i ei lita stove sat der ein gut og tenkte. Varmepumpa var starta, og varme vindar leika kring føtene hans. Men sjølv om varmen var god, var tankane kalde av usikkerheit. Kva skulle framtida bringje?

Han funderte lenge og vel, og snart kom han fram til at han ikkje kunne komme fram til noko. Det var då han fekk den gode idéen: Han skulle spørje den einaste som visste kva han skulle gjere. Han bestemte seg for å spørje den Kloke. Dei sa om han: Hans dårskap er visare enn menneske, og hans veikskap er sterkare enn menneske.

Guten gjekk til den Kloke og sa: Syn meg vegen å gå. Eg vil gå den vegen du syner meg. Han venta. Venta på svar. Tid gjekk, men guten ga ikkje opp. Kvar dag spurde han den Kloke om vegen å gå.

Ein tanke hadde dukka opp: Kanskje skulle han bruke året på å gå bibelskule? Det kunne jo være ein god ide, tenkte guten. Han fortsette å spørre den Kloke om råd, men svaret let vente på seg.

Det var ein tilsynelatande vanleg januardag, det var kalt og ugjestmildt ute, og guten sat igjen framom varmepunpa. Det var då ein rar tanke slo han. Han berre måtte skjekke nettsida åt bibelskulen han hadde tenkt på. Det var ein filleting han skulle skjekke, men han måtte gjere det likevel. Det var då han såg det.

Dei hadde akkurat starta å ta imot søknadar. "Oi", tenkte han, "her gjeld det å være rask, så kan eg jo sjå korleis det går". Han sende inn søknaden og venta. Guten tenkte at dersom dette var meininga hadde nok den Kloke ordna det. Ein dag gjekk, og ingen svar hadde kome. "Eg for smørja meg med tolmod", tenkte guten. To dagar gjekk likeeins. Den tredje dagen gjekk guten inn på nettsida igjen. Då kunne han lese at det var så mange søkjarar at det mest sannsynleg var fullt på mange av linjene. Korleis skal dette ende, lurde han på.

Meir i del 2 som kjem snart.

4 kommentarer:

m a r i i i i i sa...

Nå er jeg spent Eivind! :)

lene sa...

eg og!

Vibeke sa...

No syns eg del 2 kan komma.

Eivihnd sa...

hehe, ok

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com