Oslo Bysykkel - morosam historie

Ei lita historie om Oslo Bysykkel

Eg var akkurat ferdig på jobb, og tenkte at eg skulle til ei forandring gå heim, ikkje ta trikken. Klokka hadde akkurat passert 9 på kvelden, og sola hadde framleis ikkje gått ned bak høgbygga i hovudstaden.
Etter at eg hadde gått to hundre meter, kom eg til eit sykkelstativ. "Ja, kvifor ikkje?", tenkte eg og lånte ein sykkel. Så var det berre å sykle heim att, parkere sykkelen på nærmaste sykkelstativ og la det stå til.
Det tok ca 4 minutter før eg var framme ved stativet eg skulle setje frå meg sykkelen på. Men der var det jaggu meg fullt. Ikkje ein einaste ledig plass til å parkere sykkelen. "Ikkje noko problem," tenkte eg, "Eg får vel berre sykle ned på neste stativ, det er jo ikkje så langt å gå."
Men har du sett, der var det også fullt. Det var ikkje bra. Eg sveipte kortet mitt framfor sykkelstativet og fekk opp ei oversikt over kvar det var ledige plassar. Til min store skrekk var det langt til neste ledige stativ, men kva kan ein gjere? Eg sette meg på sykkelen igjen og sykla mot Grønland. Men på Grønland fann eg ingenting, så eg endte opp med å sykle opp til Grünerløkka igjen, så ned til Hausmannsgate, og så ned til sentrum.

Så det heile ente opp med at eg hadde sykla rundt i byen i over ein time, og når eg endeleg fann ein ledig plass, hadde eg kome tilbake til utgangspunktet i sentrum! Så den som tok trikken heim igjen var nok meg...

3 kommentarer:

Unknown sa...

Haha, stakkars. Er jo i utgangspunktet en ganske god ide, dette med bysykler altså..

Lars Krsitian, Hannah Eline og Hannamaria Elena sa...

hahaha.. problemet er jo ofte heller det motsatte, at det ikke finnes stativer MED sykler..

Margot sa...

hehehehe..

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com