As days goes by

Jaja, folkens. Er det ikkje deilig? Ferie. Tid til familie, vener, og mange "ing"-ting, som avslapp-ing, jobb-ing og ingent-ing.

For min del vert det mest jobbing. Eg jobbar 10 til 18 på Expert. Og kvar dag som går minnar meg på kor lite ekspert eg eigentleg er. Kamera, mobilar, vaskemaskiner, stavmiksarar, printarar. Det finst so mykje rart at det er umogeleg å ha kontroll på alt. Og så kjem kundane med så mange rare spørsmål at eg ikkje klarer å svare alltid. Og då minkar sjølvtillita meir og meir. Det blir ikkje betre når folk heile tida kjem og kjeftar oss fulle i huda om ting og tang som eigentleg er deira eigen feil. Mitt store mål for sommaren er å få eit proffesjonelt forhold til slike mennesker, og ikkje ta alt mulig inn over meg. Bli litt hardare med andre ord. Men folka eg jobbar med er konge, og vi har det gøy så lenge det ikkje er kundar i butikken.

Og når eg endeleg kjem heim i seks-tida, er dagen nesten ferdig. Og eg er trøytt, for det finst ikkje ein einaste stol i butikken. Sjølv om eg søv 8 og ein halv timar om natta, er det tydeleg vis ikkje nok. (Akkurat no medan eg skriv dette, fekk eg eit innfall: "Kor dumt er det ikkje å sitje å skrive om seg sjølv?" Tar ei lita pause til ettertanke før eg held fram.)

Eller held eg fram? Eg vart brått så tom.

8 kommentarer:

Jon sa...

Høres fett ut. Expert og greier. Jeg tror det passer deg ganske godt. Forresten, jeg har en liten feil på kameraet mitt og det er DIN FEIL. DIN FEEIL!!

Love.
Jon.

Astrid sa...

Eg var nett innom bloggen til Ida Standal og så såg eg at namnet ditt sto der. Ikkje meir skummelt enn det, hehe :)

Synøve sa...

Du er kjempe flink eivind!(selv om du mener at pc er bedre enn mac)

Høres ikke ut som at det er så bra arbeidsmiljø på den jobben din...:P

Vibeke sa...

eg òg jobbe ein del i sommar.. 1 mnd med vasking på ein gamleheim.. e´kje berre berre å stå opp litt øve halv 6 kvar morning og komma heim i halv 4-tida. men eg øveleve no!;)

Svenn Åge Slenter sa...

Vi må alle jobbe vet du. Sikkert gøy med ekspert...Sitter å jobber jeg og...nine to five. Nå har jeg fått litt dreisen på XHTML og CSS. Lest snart hele bibelen. (Not the real one) Driver å jobber med siden til df3studio. Får se hvordan min første webside blir om noen dager. Du får ha en givende arbeidstid på Expert. You know, you are the expert! Talast

Linda sa...

Heeeiii Eivind! Lenge sia ej he ringt dej å spurt etter hjelp no. Dataen min he vør en tur til en mann som skifta harddisk på den, so no funka den so fint!:) Men ville berre sei at for mej virka du proff nok! Men å tilegne sej ny kunnskap e no likevel positivt, å då kan ej spør dej om vaskemaskine å kjøleskap å sånt når ej en gong bli gift å skal ha et hus. Du rekk nok å lære dej mykje innen den tid...

Kristin sa...

Æg tykke du e flink æg!:-)

Unknown sa...

Eg å må stå på jobben.. Eg har 9,5timersvakter.. det er helt forferdelig..

-Eg føle med deg
Kristian

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com