September update

Her var det masse oppdatering ja... pause... NOT!
Men, folkens, det har sin naturlige grunn. Det nesten som med Newton. Hadde han ikkje fått eplet i hovudet, og då hadde han ikkje funne opp elektrisiteten. Då hadde vi nok målt elektrisitet i liter den dag i dag, slik som dei gjorde på Jesu tid. I alle fall, det eg prøvde å seie var at eg ikkje har tid. Eller ein har jo alltid tid, som han sa han Aristoteles: "Tid har man."

Det har seg slik at når tida går, så går han. Og når han har gått, då kan du tenke på at du ikkje nytta deg av han då ho var der. Btw, er tid hankjønn eller hokjønn? Hokjønn.

Men for å komme til saka. For øyeblikket har eg eit veldig interessant liv: Sove, lekse, skule, jobbe og ete. Det er det dagane går i. Så veit du det. For du lurte, ikkje sant? Eg antek det, om du har gidda å lese så langt. Men ikkje la oss bli sentimentale for det om.

Som han sa, mattelæraren vår: "Nå ska æ ikke holle noe lang tale som di gjør i overmårra", eller"Nå skal vi lese dagens tekst" når vi skulle lese ei oppgave. Den mattelæraren er ein av dei kulaste lærarane eg har hatt. Men litt service må ein jo ha når ein betalar 30 000 schpænn for å gå på skule.

Men men, merker at aktiviteten på http://www.avslutt.com/ har avteke ein del, men takkar stamgjestane som stiller opp og slenger igjen ein komentar til ein stakkar som er aleine i helga, då både Tore og Lars Kristian er vekke, og eg sit her igjen og trykkjer på blikkboksa...

Har du lurt på kor kraftig ein brannslage er? Dei som brannvesent har altså?


Ha en fin dag, gjær leksene dykkar og legg igjen ein beskjed etter pipetonen.

Piip.

4 kommentarer:

m a r i i i i i sa...

Denne posten luktar skuleelev laang vei! :P

Daniel sa...

Dette er en oppsiktsvekkene post. Etter alle kunstens regler så går det mye i skole, og det er sjelden. Vel Eivind, det går alltid en buss til Oslo!

Jon sa...

Flott innlegg, btw, så ordnet det seg med den kabelen. ;)

PRAtes i høstferien.
Jon.

benedikto sa...

bra at du hugsar å eta

Copyright © 2009 - Eivind's gale verden - The end of the internet: www.avslutt.com